Hopp til innhold

Mor og manager var mest nervøs under forsøket

Sjølv om ho vedgår at ho heldt pusten under finalen, seier mor og manager Kristine Haddal at ho var mest nervøs då Karsten Warholm sprang dei innleiande rundane.

Kristine Haddal

Mor og manager Kristine Haddal hadde håpet, men ikkje sagt høgt at gull var muleg.

Foto: Privat

Når det gjekk bra, og Warholm var klar for finale, rekna ho det som då ville skje som ein bonus.

– Vi hadde tenkt tanken at han kunne gå heilt til topps, men vi sa det ikkje høgt. Og vi såg det som ein siger berre å kome til finalen. Det som skjedde der er heilt uverkeleg, eg har vel ikkje forstått det, seier Haddal dagen derpå.

Ho slit med å sette ord på kva tankar ho hadde etter gulløpet, men fortel at Warholm-delegasjonen var heilt i ekstase.

– Å sjå guten nede på bana, med flagg og vikinghjelm, det er vanskeleg å beskrive. Men det var stort å få feire dette saman med store delar av familien.

Karsten Warholm og delegasjonen i London

Karsten Warholm hadde store delar av familien med i delegasjonen i London.

Foto: Privat

Grunnlaget lagt i Dimna

Ho har fått med seg at det var stor stemning også på Sjøborg kulturhus. Når ho skal fortelje korleis gårsdagens gull er muleg, peiker ho nettopp på det grunnlaget som blei lagt i Dimna og Ulsteinvik.

– Mange faktorarar spelar inn, men det gode miljøet og oppfølginga i Dimna har vore svært viktig. All ære til Arve Hatløy for variert og god trening opp gjennom åra, medan Leif Olav Alnes kome inn og «tatt det heilt ut». Så må eg få seie at Karsten har eit sterkt hovud, men han hadde uansett ikkje kome dit han er no viss han ikkje hadde hatt det kjekt.

No står Diamond League finale i Zürich for tur, før det blir NM i Sandnes. Til Noreg kjem Karsten Warholm i morgon, medan det er meir usikkert når besteforeldra, Dimna og Ulsteinvik for ta imot og heidre gullguten.