Hopp til innhold

Mor og dotter tek skatehallen med storm

Skatemiljøet er aukande, spesielt blant jenter. Merete Steinnes (42) og dottera, Edith (6) har nyleg starta å skate og er allereie hekta.

Merete Steinnes

Merete og Edith Steinnes storkosar seg i skatehallen. Her er dei opptil fleire gongar i veka.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Musikken dundrar ut av anlegget, men den døyver ikkje lyden av jentene som rullar rundt på bretta sine. Midt på golvet står Merete Steinnes (42) og snur brettet rundt i ring. Ho øver på ein 180, å svinge slik at det vert enda kjekkare å skate i den store rampa.

Merete Steinnes 2

Merete Steinnes oppmodar andre på hennar alder om å prøve skating. - Ein får det ikkje til med eingang, men når ein kjenner at ein vil gje opp, må ein prøve litt til. Og ein må tore å slå seg litt òg.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Trebarnsmora byrja å skate for nokre månadar sidan, og er allereie hekta.

– Alle andre tankar forsvinn og ein er heilt fokusert på bevegelsen. Det er herleg når ein får stor fart, har kontroll og merker at det går av seg sjølv.

Gløymer ein at det kan vere skummelt?

Ja, ein gjer det. Eg er redd for å skade meg, men eg er ikkje så redd for smådetting, slik eg var i starten. Det er berre kjekt å utfordre seg sjølv.

Kva med triksing?

– Eg har lyst til å hoppe! Kanskje gjere triks etterkvart, men det blir sikkert lenge til, seier ho lattermildt.

Merete Steinnes og Edith

Edith (6) ser på mamma som skater i storerampa. Kven er best da? 'Eg!', svarar ho.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Inkluderande miljø

På onsdagar er det berre jentene som har adgang i skatehallen i Ørsta. Merete Steinnes trenar i hallen kvar veke saman med dottera, Edith (6).

– I starten likte eg det ikkje, for eg fekk det ikkje heilt til. Eg skata mest for å glede mannen min, for han syntes det var kjekt at eg ville prøve. Så vart det kjekkare, og no reiser eg hit for min eigen del.

Merete er den eldste på jenteskate, men ser ikkje på det som noko problem.

– Kan hende nokon synest det er rart, men eg har berre fått gode tilbakemeldingar. Det er eit svært inkluderande miljø.

Jenter skater

Studentjentene seier det har vore lite kultur for jenter og skating, men synes det er kjekt at hallen tilbyr jenteskate. - Det gir meir rom for jenter å kome hit. Gutane kan gjerne litt meir, så det er kjekt å kunne skate utan at dei ser på. F.v. leiar av jenteskate, Lise Musum Stangvik, Karoline Brevik, Christine Lindalen og Sigrid Bjerke Hoem. Framme: Sarah Mathilde Haukeland.

Foto: Emilie Gjengdal Vatnøy / NRK

Stadig fleire skater

Enkelte av jentene er erfarne skatarar, men dei fleste er nybyrjarar. Alderen på jentene varierer veldig, frå 4 år og oppover. Leiaren for jenteskate, Lise Musum Stangvik, synes det er kjekt at så mange tek turen.

– Når eg skata her i haust, var eg omtrent den einaste jenta. No er det 30-40 jenter som har vore innom jenteskate, så det er mange jenter som skater.

Lise Musum Stangvik

Lise Musum Stangvik har ansvaret for jenteskatinga. – Det som er så artig med skating er at ein kan vere på ulike nivå, men framleis ha det utrulig gøy i lag. Når nokon prøver på eit triks og klarer det, er det like god stemning uansett kor bra det trikset er.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Kvifor arrangere jenteskate?

Lena Christensen - jenteskate.no

Lena Christensen i jenteskate.no seier at skating blir stadig meir populært, også blant jenter.

Foto: Privat

– Det er for å motivere jenter til å byrje å skate og å halde fram med det. Det kan vere vanskeleg å kome aleine i hallen når det berre er gutar der frå før.

Lena Christensen er leiar for jenteskate.no og kjenner til ni skateklubbar som arrangerer jenteskate i Noreg.

Kvifor må jentene ha ein eigen arena?

– Jentene er ofte eldre enn gutane når dei startar, så då vert terskelen høgre. Det er flott at skatehallane lagar eigne tidspunkt for jenteskate, men vi håper at jentene også vil skate saman med gutane etterkvart.

JENTESKATE

I skatehallen kan ein gjere som ein vil. Det er ikkje noko organisert opplegg, men eit variert miljø med ulike ferdigheiter.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL