Hopp til innhold

Sterk kritikk av bussjåfør etter at han nekta å setje av elevane

Både foreldre og elevar reagerer kraftig på at ein bussjåfør nekta å sleppe av elevane før siste stopp. Men bråk og hærverk på skulebussane er eit velkjent problem fleire stader.

Politiet og busspassasjerar

Politiet greip måndag ettermiddag inn då om lag 20 skuleelevar blei haldne tilbake på bussen. Sjåføren ville truleg gje dei ein lærepenge, og nekta å stoppe før siste stoppestad.

Foto: Jens Ødegård Henden

Kristine Brevik fekk måndag ettermiddag telefon frå den 17 år gamle dottera si, som var oppskaka og fortalde at ho ikkje fekk sleppe av bussen heim etter skulen. Brevik seier ho forsøkte å roe dottera, men blei ringt opp på nytt, og bestemte seg raskt for å køyre etter bussen. Då ho kom fram var politiet på staden.

Kristine Brevik

Kristine Brevik seier dottera ringde henne fleire gongar og var uroleg fordi ho ikkje fekk sleppe av bussen. Brevik meiner sjåføren sin reaksjon var heilt feil.

Foto: privat

Eg syns rett og slett det var barnsleg, det var ei heilt feil vurdering av ein vaksen mann som attpåtil jobbar i eit serviceyrke, seier ho.

Fleire av dei store busselskapa i landet, som køyrer skuleruter, stadfestar overfor NRK at bråk og uro på skulebussane er eit velkjent problem.

Les også:

Ber om at bussjåføren blir straffa

Bussjåføren i Kristiansund skal ha blitt så lei av at elevane trykte på stoppsignalet utan å skulle gå av, at han bestemte seg for å køyre til siste stoppestad utan å sleppe av nokon. Det innebar at fleire blei tatt med fleire kilometer lengre enn dei skulle.

Saka har vekt sterke reaksjonar, og bussjåføren får også stor støtte.

Halvard Nasvik (16) som går første året på Kristiansund videregåande skole var ein av elevane på bussen, og han meiner reaksjonen til bussjåføren var heilt urimeleg.

Halvard Nasvik

Halvard Nasvik seier han fekk store problem med å rekke fotballkampen han skulle på fordi han ikkje kom seg av bussen heim frå skulen.

Foto: privat

– Han burde få ei slags straff, kanskje ikkje fengsel, men burde fått straff for at han hindra fleire i å gjere det dei skulle, og, som enkelte seier, kidnappa opp mot 20 elevar, seier Halvard Nasvik.

Les også:

Politiet vil no avhøyre sjåføren

Politiet blei i går varsla om saka, rykte ut og oppretta sak mot bussjåføren.

Elisabeth Fiksdal

Politiadvokat Elisabeth Fiksdal ved Møre og Romsdal politidistrikt seier dei no vil avhøyre bussjåføren.

Foto: Politiet

Politiadvokat Elisabeth Fiksdal seier til NRK tysdag at dei no vil avhøyre bussjåføren, men at det er for tidleg å seie noko om ein eventuell straffereaksjon.

Vi etterforskar saka fordi reaksjonen til bussjåføren truleg også råka uskuldige, seier ho.

Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har teikna kontrakt med Tide, seier det er for tidleg å seie om saka får konsekvensar for kontrakten. Fuglseth understrekar at bussjåførar skal stoppe når folk vil av.

Held fram som sjåfør

Bussjåføren er tysdag tilbake i ordinært arbeid etter episoden, opplyser Tide. Kommunikasjonssjef Lubna Jaffery seier ho ikkje vil kommentere om saka kjem til å få etterspel.

Lubna Jaffery

Kommunikasjonsdirektør Lubna Jaffery i Tide vil førebels ikkje seie noko om kva for konsekvensar saka får for sjåføren.

Foto: Vidar Langeland

– Vi vil ikkje at dette skal vere normalen, men dette var heller ikkje ein normal busstur, slik vi har fått det skildra av sjåføren, seier Jaffery.

– Ingen lærepenge

Men 16 år gamle Halvard Nasvik trur ikkje at elevane no har lært å la stoppknappen vere i fred.

– Eigentleg ikkje, slike skøyarstrekar har gått føre seg i mange år, og det er yngre elevar enn oss som syns dette er endå artigare. Så eg trur det aldri kjem til å bli heilt ro rundt den stoppknappen, slår han fast.