Aud Karin og Sigbjørn Hoel med barna Mathea og Jørgen, er tolmodige.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKAllereie tidleg laurdag morgon danna det seg lange køar av folk som skulle ta buss til Sommerfesten på Giske. Arrangøren Momentium oppmoda alle om å sette att bilane og bruke bussane som var sett opp. På eit tidspunkt var det så mykje trafikk ut mot øya, at politiet måtte stenge dei undersjøiske tunnelane. Busskøane vaks og fleire barnefamiliar valde å reise heim att, fordi dei ikkje rakk konserten med dei populære tvillingane Marcus & Martinus.
Fleire tusen fekk likevel med seg konserten, men straks dei to gjekk av scena starta kaoset på att.
– Dette er ein skandale, sa irriterte folk i busskø til NRK.
Klokka 18.45 opplyste politiet at dei dirigerer trafikken på staden og at det vil ta tid før køene løyser seg opp. Fordi folk går i vegbanen og kryssar den, hindrar dette flyt i trafikken. Ein time seinare er køene løyst opp og trafikken går som normalt.
Mellom 15- 20.000 var inne på festivalområdet då Marcus & Martinus spelte. No er mange barnefamiliar i busskø.
Foto: Frode Berg / NRKVil ikkje tilbake
Aud Karin Hoel og Sigbjørn Hoel var av dei som stod i den endelause køen. Dei har forståing for at det tar tid når festivalen føregår på ei øy.
– Det tar tid, men med tolmod så går det greitt, seier Aud Karin Hoel.
NRK-reporter Olaug Bjørneset har treft folk som seier at dei ikkje vil kome tilbake til festivalen neste år på grunn av kaoset. Mange har uttrykt misnøye med trafikkavviklinga.
LES OGSÅ:
Vurderer båttransport
Terje Erstad i Momentium forstår at folk er frustrerte over dei lange køene.
Foto: Frode Berg / NRKTerje Erstad i Momentium seier at dei venta at det skulle bli mykje trafikk og har stor forståing for at folk har blitt frustrerte av å stå i kø i fleire timar. Dette er 14. gangen festivalen vert arrangert.
– Når det er så store folkemengder som skal ut på ei øy, og her er berre ein veg og ei bru til øya, blir det køar, seier Erstad. Sommerfesten har heller ikkje førehandssal av billettar og dermed veit ikkje arrangøren kor mange som er venta.
Dei har sett opp så mange bussar dei kunne.
Forstår du at folk vert frustrert når dei fylgjer oppmodinga om å ta buss og så må dei vente så mange timar at dei ikkje når konserten?
– Det har vi full forståing for. Til neste år må vi vurdere om vi skal sette opp båttransport, seier Erstad.
Politiet dirigerer trafikken på festivalen.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKMindre stress heim
Momentium trur at mellom 15. og 20.000 var inne på festivalområdet i 15-tida i dag, då Marcus & Martinus gjekk på scena.
Mange barnefamiliar stod i kø for å ta buss heim no i kveld, men Erstad trur stresset er mindre.
– Det var meir stress på veg til festivalen for å sjå om dei rakk konserten. På veg tilbake har dei litt meir senka skuldra og stemninga er mindre stressa, seier Erstad.