Hopp til innhold

Moltu skule er stengt

Moltubygda har vore utan straum etter torever i natt. Tussa veit enno ikkje når straumen kjem tilbake. Det er 12 grader inne på skulen og det er for dårleg ver ute til å ha andre aktivitetar, melder skulen. Derfor stenger dei skulen til straumen og varmen er tilbake. Heimane vert informert per telefon.