Hopp til innhold

Moldskred til Rosenborg

Fotballspelaren Morten Moldskred frå Ulstein går frå Tromsø til Rosenborg.

Morten Moldskred

Morten Moldskred forhandlar no med RBK om den personlege kontrakten.

Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Moldskred har spelt både for Haddal, Hødd og Aalesund. I karrieren har han også vore innom både Moss og Haugensund før dåverande trenar Ivar Morten Normark henta han til Tromsø.

RBK fulgt Moldskred lenge

- Vi har fulgt Morten Moldskred lenge og bestemte oss i august. Men den gongen blei vi ikkje samde. No er vi samde med Tromsø, men vi må også bli samde med Morten Moldskred om den personlege kontrakten, seier Erik Hoftun til rbk.no .

Tror på Moldskred-overgang

Bekrefter Moldskred-forhandlinger

- RBK jakter fortsatt Moldskred

Spisskompetanse

Rosenborg meiner Moldskred har ein spisskompetanse som Rosenborg er på jakt etter.

- Han har prestert bra i mange sesongar, og har spisskompetanse i forhold til gjennombruddskraft og fart. Han er god å time løp, og vil utfylle dei andre spelarane våre, seier Erik Hoftun til rbk.no .