Tiltaket er privat, og kommunen nyttar seg ikkje av tilbodet. Dette er årsaka til at tiltaket står i fare for å bli lagt ned.
Gode erfaringar
Sidan i fjor vår har fleire ungdommar med rusproblem fått hjelp frå prosjeket "Ungdomstiltak". Erfaringane frå prosjektet har vore gode, meiner leiar Sigurd Hungnes.
Tilbake i jobb
- Vi opplever veldig mykje positivt med ungdomane som vil noko, og kjenneteiknet for dei fleste er at dei vil ut av den livsførselen dei har, seier Hungnes. - Vi har fleire eksempel på ungdom som har vore hos oss nokre månader og som no er ute i arbeid, seier han.
Ungdommar i kø
Prosjektet blei starta av Molde kommune. Etter eit halvt år trekte dei seg ut, men initiativtakarane heldt fram fordi ungdommane sto i kø for å få hjelp. Selskapet "Ungdomstiltak" blei stifta, og dei knytte til seg psykologar,spesiallærarar og barnevernspedagogar.
Mogleg å hjelpe
- Vårt tilbod har vore retta til ungdom mellom 16 og 25 år, som er ein tidleg fase i forhold til ruskarriere, seier Hungnes. - Dette er ungdom der det framleis er mogleg å snu situasjonen, det er ikkje tunge sprøytenarkomane men ungdom som har "flørta litt med rus", og er litt i ein vakumsituasjon mellom skule og arbeidsliv, meiner Hungnes.
Hungnes fortel at foreldre ringer og gir svært gode tilbakemeldingar på prosjektet. - Vi har fått kjemperespons, og foreldra seier at ungdommane har forandra seg, og at dei er glade for at nokon har teke tak i problemet, seier han.
Prioriterer tunge
No står tilbodet i fare for å forsvinne, fordi kommunen ikkje har pengar til denne gruppa. Sosialsjef i Molde Nils Morsund seier at prosjektet ikkje har retta seg mot den målgruppa som er sosialkontoret sitt ansvar. - Vi må diverre prioritere dei tunge misbrukarane som kjem til oss framfor å drive førebyggande arbeid, seier Morsund.