Hopp til innhold

Molde-spelar frikjent for sovevaldtekt

Molde-spelaren som var tiltalt for sovevaldtekt, er i Romsdal tingrett frikjent. Han må likevel betale 150.000 kroner i erstatning til kvinna. Påtalemakta ankar saka.

Molde FK

Fotballspelaren vart frifunnen i Romsdal tingrett, då dommen fall måndag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mandag fall dommen i rettsaka mot Molde-spelaren som var tiltalt for sovevaldtekt og mannen vart frikjent.

– Ut frå bevisa som vart presentert i retten, så kan eg ikkje seie at eg vart overraska over at han vart frifunnen, seier forsvarsadvokat Øyvind Panzer Iversen.

Øyvind Panzer Iversen

Forsvarsadvokat Øyvind Panzer Iversen er ikkje overraska over frifinninga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Han vil no bruke tid på å gå gjennom dommen.

Det var på eit nachspiel etter ein bytur i mai 2017 at hendinga skal ha skjedd, ifylgje tiltalen. I retten forklarte kvinna at ho sovna på nachspielet, men vakna og forstod at nokon låg over henne utan at ho visste kven det var. Kvinna meinte at ho hadde blitt valdteken medan ho sov eller var så rusa at ho ikkje var i stand til å få med seg det som skjedde. Molde-spelaren nekta straffeskuld. Han forklarte i retten at han hadde samleie med kvinna, men hevda at det var frivillig.

Ankar saka

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim seier at saka blir anka til lagmannsretten.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Aktor la ned påstand om fire års fengsel for Molde-spelaren, då saka gjekk for retten forrige veke. Aktor Ingvild Thorn Nordheim meinte at alle bevis, bortsett frå tiltalte si forklaring, styrka kvinna sin versjon av kva som hadde skjedd. Då kvinna vakna gjorde ho eit lydopptak med mobilen sin, som vart spelt av i retten.

Aktor Ingvild Thorn Nordheim seier at ho synest at bevisa i saka var sterke og burde føre til domfelling.

– No har eg fått studert og lest dommen og ser at dette må bli ein anke frå Statsadvokaten, seier Nordheim. Ho synest at det var overraskande at meddommarane, som utgjorde fleirtalet, gjekk for frifinning og at det vart dissens.

Delt i skuldspørsmålet

Retten var delt i spørsmålet om skuld. Det er ikkje tvil om at dei to involverte har hatt samleie, men det er usemje om dette har skjedd medan kvinna sov og var ute av stand til å setje seg imot handlinga, eller om ho deltok aktivt. Fleirtalet meiner det er rimeleg og fornuftig tvil om kva som har skjedd, og har difor konkludert med at mannen må frikjennast. Mindretalet, med fagdommar Ole Ingar Ødegård, er ikkje i tvil om at fotballspelaren har gjort seg skuldig i valdtekt.

Må betale oppreising

Trass i at fleirtalet er komne til at bevisa ikkje held til domfelling for valdtekt, må fotballspelaren likevel betale erstatning. Ifølgje dommen er fleirtalet i retten av den oppfatninga at det er «klar sannsynlighetsovervekt» for at fotballspelaren har hatt samleie med kvinna medan ho sov. Han må difor betale kvinna 150.000 kroner i oppreising, sidan beviskrava er mindre strenge når det gjeld erstatning.

Bistandsadvokaten seier at det har vore ei ekstra belastning for kvinna at Molde Fotballklubb har latt mannen spele kampar medan han var sikta og deretter tiltalt.

Molde fotballklubb skriv i ei pressemelding at dei tar dommen til etterretning.

– Dette er ei alvorleg og krevjande sak med fleire sider som rører ved kvinna, spelaren, klubben og andre, står det i pressemeldinga. Molde FK vil gi fleire utsegner etter at klubben sin administrasjon og styre har gitt saka ei grundig handsaming.

Letta over å bli trudd

Kvinna sin forsvarsadvokat, Mette Ekroll Nyland, seier at fornærma er letta over å bli trudd i saka og at ho dermed får oppreising.

– Når det er sagt er ho fortvila over utfallet og at nokon har kome fram til at han skal frifinnast for straff, seier Nyland. Kvinna er glad for at saka blir anka.