Gjennom fleire artiklar har Romsdals Budstikke avslørt at kommunen har betalt Lions og Odd Fellow til saman over 6 millionar kroner for matutlevering til eldre. Dette har skjedd sidan heilt sidan 90-talet, utan at avtalane har vore sendt ut på anbod slik lova krev.
Det er frivillige frå organisasjonane som har delt ut maten.
No kritiserer ordførar Torgeir Dahl (H) avisa i eit lesarinnlegg publisert på kommunen sine sider og i Romsdals Budstikke. Der skuldar han avisa for å setje dei frivillige mat-omberarane i eit dårleg lys:
Det får redaktør i Romsdals Budstikke, Ole Bjørner Loe Welde, til å reagere.
Ole Bjørner Loe Welde er redaktør i Romsdals Budstikke. Han reagerer på at avisa får kritikk frå ordføraren.
Foto: Kjell Langmyren / Romsdals Budstikke– Eg synest det rette her, frå kommunen si side, er å beklage overfor desse organisasjonane som har gjort ein frivillig innsats. Då synest eg det er veldig rart at ein samtidig skal kritisere media som trass alt har brakt denne informasjonen fram i lyset, seier han.
Ukjent for kommunen før avsløringane
Ordninga var ukjent for leiarane i kommunen fram til avisa omtalte dei.
Loe Welde er overraska over kvar ordføraren har fokus.
– Her har fleire i kommunen beklaga ein praksis der ein har gitt avtalar som over tid har dreidd seg om millionbeløp, utan at dei har blitt lyst ut på anbod. Det har vore vårt hovudfokus i desse sakene.
Redaktøren meiner det er viktig at ein ordførar forstår kva som er media sitt samfunnsoppdrag.
– Innlegget sår i alle fall ein tvil rundt det.
– Media må tole kritikk
Ordførar Torgeir Dahl seier han har blitt kontakta av svært mange som har vore opprørt over vinklinga saka har fått i Romsdals Budstikke. Særleg sakene der det har vore brukt bilde av Odd Fellow-losjen.
Dahl fortel at utallige av dei som har jobba som frivillige no har tatt kontakt. Dei takkar han for at han viser dei støtte..
Utdrag frå Torgeir Dahl sitt innlegg på Molde kommune si heimeside.
Foto: Skjermdump/Molde kommune– Dei frivillige har gjort ein fantastisk jobb, og det var det eg hadde behov for å gå ut og presisere. Det er ikkje dei frivillige som skal klandrast her. Det må Molde kommune ta ansvar for.
Dahl meiner media må tole kritikk og heller gå i seg sjølv når dei får tilbakemeldingar om at vinklingar på nyheitssaker blir belastande.
Viktig å forstå media si rolle
Seniorrådgivar i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, meiner at ordføraren gjennom kritikken sin utfordrar det som er media si rolle, nemleg å følgje med på korleis politikarar og offentlege etatar følgjer reglane dei sjølv delvis har vore med på å lage.
– Dette er journalistikken si kjerneoppgåve, og det burde ordføraren applaudere.
Han meiner ordføraren burde vere stolt over at Molde har ei lokalavis som ikkje berre plaprar med makta, men set kritisk søkelys på korleis dei utøver makta.
– Så det synest eg er litt trist og litt lite gjennomtenkt at han ikkje gjer, seier Jensen.
Arne Jensen er seniorrådgivar i Norsk Redaktørforening.
Foto: Ragnar HartvigAvviser kritikk om rolleforståing
Dahl avviser påstandane om at han ikkje forstår at media skal vere kritisk mot styresmakter og offentlege etatar.
Han seier at det er vinklinga på enkelte saker, og fokuset på innteninga til dei frivillige organisasjonane som får han til å reagere.
Ifølgje Romsdals Budstikke blir matomberinga tema på neste møte i Molde kommune sitt kontrollutval.
Molde kommune lyste ikkje ut matomberinga til eldre på anbod. No skal saka opp i kontrollutvalet.
Foto: Tore Ellingseter / NRK