Mellom har mannen knivstukke kvinna og trua henne med ein maskinpistol.
I tillegg er mannen funne skuldig i narkotikalovbrot og brot på våpenlova.
Hendinga starta i juli i fjor då det oppsto ein krangel mellom 38-åringen og den tidlegare sambuaren. Mannen batt henne fast i ein stol og veggen. Tauet vart også festa rundt hovudet slik at det vart ein knebel.
I tillegg fekk ho knytta ei skjorte rundt hovudet slik at ho ikkje kunne sjå. Medan ho sat slik slo mannen ho fleire gongar mot hovudet med eit slagvåpen.
Mannen kom også med fleire truslar som skremde kvinna. Retten festar ingen lit til forklaringa frå mannen om at dette var ein avansert form for sex-leik.
Ved eit anna høve oppsøkte 38-åringen og ein kamerat bustaden til den tidlegare sambuaren. I ein bag hadde han med seg ein demontert maskinpistol.
Mannen monterte saman pistolen då dei kom inn. Han veiva rundt seg med våpenet medan han fleire gongar trekte av slik at det klikka. Kvinna såg også at mannen putta ei patron inn i våpenet, men ho var ikkje sikker på om våpenet var skikkleg lada.
Mannen trekte kvinna inn på eit soverom, der det vart eit basketak. Mannen slo kvinna med ein pinnestol og stakk ho sju gongar i låret med kniv.
Mannen er også dømt for å oppbevare narkotika og for brot på våpenlova. Mannen hadde ikkje tillatelse til å eige maskinpistolen, i tillegg til at politiet fann ulovleg ammunisjon heime hos mannen.
Mannen må sone to år og tre månader i fengsel. Dette er ei fellesstraff med ein tidlegare vilkårsdom. I tillegg til dette blir våpen og ammunisjon inndrege.