Hopp til innhold

Moldemann køyrde feil veg inn i Oslo-tunnel trass omfattande merking

Fire forbodsskilt var ikkje nok til å stanse moldensaren frå å køyre inn i den sterkt trafikkerte Vålerenga-tunnelen i Oslo – i feil retning. – Utruleg klønete, seier vegvesenet.

Utsnitt frå E6 ved Ensjø

Det var truleg her moldemannen køyrde feil. Sjølv kan han ikkje slå fast sikkert at det skjedde her, og seier han var for opptatt med å følgje skiltinga til Tøyen.

Foto: Oslo politidistrikt

Moldemannen har fått ei bot på 9 000 kroner og mist førarkortet eit halvt år, etter at han for vel ein månad sidan køyrde inn i den sterkt trafikkerte Vålerenga-tunnelen i Oslo – i feil køyreretning. I snitt passerer 60 000 bilar denne tunnelen i døgnet, 42 bilar kvart einaste minutt. Men til alt hell kolliderte han ikkje med nokon.

Ifølgje Statens vegvesen skjer det stadig oftare at folk køyrer i feil køyreretning. Les meir: Mann i 90-årene kjørte to mil i feil kjøreretning

– Utruleg klønete

Kai Gundersen

Kontorsjef Kai Gundersen ved Vegmeldingssentralen i Oslo syns det er utruleg klønete å køyre inn i Vålerengatunnelen i feil køyreretning.

Foto: Daria Zoric / NRK

Utruleg nok trefte ikkje moldemannen ein einaste av bilane som suste gjennom Vålerengatunnelen, då han i 22-tida ein fredagskveld i september oversåg fire forbodsskilt og køyrde inn i tunnelen i feil retning.

– Det er utruleg klønete. Her er det veldig godt skilta og vegen er forma ut slik at du skal få hjelp til å køyre rett. Når du klarer å unngå å få med deg fire skilt, er du svært lite vaken, seier kontorsjef Kai Gundersen ved Vegtrafikksentralen i Oslo.

Også i Trondheim har bilar i feil køyreretning blitt eit stort problem, ikkje minst i den nyopna Strindheimtunnelen.

Hadde køyrt 50 mil

57-åringen hadde ifølgje politiet køyrt frå Molde til Oslo, om lag 50 mil, fredagen for litt over ein månad sidan, og kom fram til området ved Ensjø/Vålerenga i 22-tida. Då han skulle inn på E6 for å kome seg til dottera på Tøyen, gjekk det gale.

– Det er klart det er pinleg, eg er degradert som sjåfør for mange år. Eg har køyrt prikkfritt i 35 år, og forstår ikkje kva som har skjedd, seier moldemannen. Han vil gjerne snakke med NRK om episoden, men vil ikkje at namnet hans skal bli kjent.

Trassa fire forbodsskilt

Utsnitt frå avkøyringa ved Ensjø

Ifølgje politiet har moldemannen oversett avkøyringa til høgre, og i staden kryssa vegen og tatt ned til venstre, forbi til saman fire forbodsskilt. På grunn av at moldemannen ikkje sjølv forstår kva som skjedde, kan ingen seie for sikkert at det var akkurat i denne avkøyringa det skjedde.

Foto: Oslo politidistrikt

Det er på det reine at mannen, i eit kryss der han skulle tatt til høgre og ut på E6, i staden kryssa vegen, og køyrde mot fire forbodsskilt, gjennom ein bratt venstresving, for så å hamne ut på eitt av dei fire felta på motorvegen – i feil retning.

– Det var mørkt, eg var nok litt stressa, og eg har nok bomma fordi eg var så opptatt med å lese skiltinga mot Tøyen, seier han.

Mannen seier han tidlegare har køyrt mange gongar i Oslo, men då som regel har hatt dottera til å navigere via telefonen. Denne gongen var ho på arbeid, og han måtte difor ta seg fram åleine i storbyen.

Misser førarkortet eit halvt år

I Romsdal tingrett blei mannen nyleg dømd til ei bot på 9 000 kroner, samstundes som han miste førarkortet eit halvt år. Retten er komen til at køyringa lett kunne ført til ei alvorleg trafikkulykke, og at mannen er sterkt å klandre for at han oversåg skiltinga.

Etterlyser betre skilting

Moldemannen syns straffa er for strengt, og meiner at avkøyringa ved Ensjø/Vålerenga er for dårleg merka. Han meiner det er lett å ta feil, og foreslår at det i god tid før aktuelle kryss blir sett opp skilt med ein diameter på tre meter med teksten "SNU HER!"

– Avkøyringa var for dårleg merka i forhold til andre tilsvarande avkøyringar. Det som har skjedd, skal ikkje vere mogleg, seier mannen.

– Men du gjorde noko som kunne fått svært alvorlege konsekvensar?

– Ja, det er klart at det er forbunde med alvorleg fare å køyre i feil køyreretning, men i den konkrete situasjonen var det ikkje det, seier han, og viser til at det var lite trafikk så seint om kvelden, og at bilane som kom imot oppdaga han i tide.

Fekk trafikken midt i mot

Moldemannen fortel til NRK at han umiddelbart forstod at han var på ville vegar, då han kom ned i tunnelen. All trafikk kom imot, og sjølv hamna han i feltet heilt til høgre, der bilane har høgst fart.

– Eg blei sjølvsagt vettskremd, det var ein bil som kom i veldig stor fart, men han køyrde over i tredjefila, seier han. Sjølv fekk han manøvrert bilen opp på ei skulder og sett på naudblinken. Det førte til at bilane i dei andre filene stoppa opp, slik at han fekk snudd og kom seg ut av tunnelen.

Ber bilistar varsle politiet

Kontorsjef Kai Gundersen i Vegmeldingssentralen i Oslo meiner det er viktig at folk som ser bilar kome i feil køyreretning gir beskjed til politiet umiddelbart. Då kan vegvesenet stengje tunnelane før det skjer ei alvorleg ulykke.

– Det er stor fare for alvorlege skadar. Av ein eller annan grunn går det likevel som regel bra, men då har folk ein god porsjon flaks! seier han.

Oslopolitiet opplever frå tid til anna folk som køyrer feil, og avhøyrde moldemannen då han kom ut av tunnelen.

– Han meinte at han kanskje var litt stressa og forklarte i avhøyr at han hadde køyrt langt. Mitt råd til bilistar er at dei følgjer godt med på skiltinga, seier politiadvokat Bente Vengstad i Oslo politidistrikt.

Skal tilbake til Oslo

Moldemannen har no mist førarkortet i eit halvt år, og seier dei første dagane etter nesten-ulykka var marerittaktige. Han har likevel ikkje blitt skremt frå å køyre i Oslo igjen.

– Ja, det kjem eg til å gjere, ja. Eg vil finne ut kva som skjedde, ikkje for å gjenta det, men eg vil tilbake, seier han.

– Kva for råd vil du gje andre som er uvande med å køyre i oslotrafikken?

– Det er viktig å følgje med på skiltinga og halde seg i rett køyrebane. Kanskje studere kartet på førehand og snakke med kjentfolk, seier han.