Molde kokar under jazzfestivalen, og folketalet blir mangedobla den veka festivalen varer. I løpet av ei veke er det rundt 80.000 tilreisande til byen som har rundt 25.000 innbyggarar. Tidlegare har festivalen innført avfallssortering for å redusere problema kring søppelhandteringa.
Serveringsstader
Jan Ole Otnæs (Foto: Scanpix)
Festivalen har fleire eigne serveringsstader under festivalen. I første rekke er det desse som skal servere økologiske varer, men på sikt er målet å få dei andre stadene til å gjere det same, seier Otnes.
Stiftinga har motteke 237.000 kroner frå Statens landbruksforvalting til å utvikle prosjektet. Førebels er det liten omsetning av økologiske varer her i landet, men Otnes trur ikkje det skal vere problem å skaffe varene.