Hopp til innhold

Moldejazz avlyser kyrkjekonserten

Den planlagde konserten med Torhild Ostad / Carsten Dahl Duo i Molde Domkirke fredag 21. juli blir avlyst fordi det har skjedd ei alvorleg ulykke i næraste familie til Carsten Dahl, opplyser Moldejazz. På grunn av dette, kjem han ikkje til konserten i Molde. Dei som har kjøpt billettar til denne konserten, får brev frå Moldejazz om at dei kan få bytte billetten til ein av dei andre kyrkjekonsertane eller få billetten refundert.