Molde ligg fire poeng bak laget frå Bærum, og trenar Odd Berg veit at tre poeng vil føre laget opp i midtsjiktet på tabellen.
Skadefri tropp
Molde-trenaren har nesten ein skadefri tropp til Stabæk-kampen. Berre Bjarni Thorsteinsson er framleis ute av spel på grunn av skade. Etter at Molde hadde ein elendig bortestatistikk tidleg i sesongen har det betra seg noko med triumf både over Viking og Lyn- og Odd Berg slepp i alle fall alt pratet om null poeng og null mål på bortebane.
Stabæk i dårleg form
Stabæk er ikkje i spesielt god form. Laget har berre ein siger på dei åtte siste seriekampane, og berre ein siger på dei siste fire heimekampane. Odd Berg trur mannskapet hans skal kunne matche Stabæk. I fjor tapte Molde 4-2 for Stabæk etter at bæringane leia 2-0 etter berre fem minutt, og ei slik opning på kampen må Molde i alle fall unngå skal det bli tre poeng.
Ikkje nye spelarar
Odd Berg seier også at det sannsynlegvis ikkje blir henta inn nye spelarar til Molde før overgangsvindauget stenger 31.august. MFK må dermed greie seg med dei spelarane dei allereie har, seier Berg.
Det som blir viktig er å få erstatta lagkaptein Daniel Berg Hestad til 2004-sesongen. Berg Hestad skal spele i den nederlandske æresdivisjonen neste år for Heerenveen.
STABÆK-MOLDE FK |
---|
* Møtast for 11.gong på Nadderud. Status 5-1-4 |
* Stabæk har vunne tre av dei fire siste mot Molde- seinast 4-2 i fjor. |
* Molde med seks tap på åtte bortekampar |
* Stabæk har ein siger på dei fire siste heime. |
* 0-0 i vårkampen på Molde stadion |
* Kjølø (Stabæk), Gustafsson og Carlsson (Molde) har spelt alle minutta i årets serie |
* 12 strake kampar utan uavgjort for Molde (5-0-7) |