Hopp til innhold

RBK-fansen yppa seg i Moldegatene før kamp

Med kinaputtar, bluss og høge rop yppa RBK-supportarane seg i gatene i Molde før kampstart. Supportarklubben «Kjernen» gjekk i tog i gatene laurdag ettermiddag.

Molde møter Rosenborg til kamp. I gatene yppet RBK-fansen seg før kampstart.

RBK-fansen yppet seg før kamp

Molde tek i dag i mot Rosenborg på heimebane i eliteserien. Begge lag har poeng og ære å kjempe om, i det som blir generalprøva før cupfinalen.

Molde-supporterar før RBK

Styremedlem Vebjørn Hjelmseth, styremedlem i Tornekrattet øst, Christian Hagaas og forsongar Stefan Sætre i supporterklubben Tornekrattet, ser fram til ein hard kamp mot gulljagande Rosenborg. Dei håpar på tre poeng og godt folkeliv på stadion.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Allereie fleire timar før kampstart byrja det å bli fullt på stampuben til Molde-supporterane i Tornekrattet. Supporterane ser fram til det dei trur blir en ein tett og tøff kamp mot erkerivalen og gulljagande Rosenborg.

– Å vinne denne kampen er alfa omega. Gjer vi det sender vi Strømsgodset eit steg vidare seriegull, og vi kan snart byrje å tenkje på å få sendt avgarde nokre eksemplar av Sølvguttene si siste plate med adressat RBK-brakka, seier sekretær i Tornekrattet, Vebjørn Hjelmseth.

– Vi siktar etter bronsa. Skal vi klare den må vi ta alle tre poenga mot Rosenborg, seier styremedlem i Tornekrattet avdeling øst, Christian Hagaas.

Den store generalprøva

Rosenborg tok seg til årets cupfinale ved å slå Haugesund 2-1 heime. Molde blir som kjent motstandar på Ullevaal, då dei slo ut Lillestrøm med siffera 6-7 etter straffesparkkonkurranse på Åråsen.

RBK supporterar på Moldes tak

Rosenborg-supporterane i toppen av biletet hadde nok studert romkartet til hotellet dei bur på ganske nøye. Dei endte nemleg med eit rom med veranda rett over Tornekrattet sin stampub, der dei har gode moglegheiter til å hovere i tilfelle Molde skulle tape kampen.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Dette blir vår første av to kampar mot Rosenborg dette halvåret. Den andre kampen, cupfinalen, blir nok uansett den største. Vi ser på denne kampen som den store generalprøva før cupfinalen. No er håpet at vi består med glans, seier Vebjørn Hjelmseth.

– Håpar dei held seg i skinnet

Oppgjera mellom Molde og Rosenborg, anten det er på Aker Stadion i Molde eller på Lerkendal i Trondheim, har ein tendens til bringe med seg vel mykje engasjement ut av supportergjengane som av spelarane på bana.

Til årets oppgjer har difor politiet kalla inn ekstra folk frå både nord og sør i Møre og Romsdal, som skal halde ro og orden i Molde sine gater. I tillegg vil Storgata i sentrum bli sperra av, slik at supporterane ikkje får gå samla til stadion.

– Vi er absolutt ikkje ute etter bråk. Vi manar våre eigne til å ta det med ro, og ikkje oppildne verken kvarandre eller Rosenborg-fansen.

– Vi håpar sjølvsagt også at Kjernen held seg i skinnet, seier forsongar Stefan Sætre.

Talsmann og leiar for supporterane til Rosenborg, Kenneth Kjelsnes, har tidlegare sagt at også han vil mane sine eigne til god oppførsel. Han trur Rosenborg skal få ein tøff kamp mot eit Molde i stigande form.

– Det er alltid noko ekstra med oppgjera mot Molde, og i haust møter vi Molde i to kampar som begge betyr veldig mykje, sier Kenneth Kjelsnes.

Politi før Molde-RBK

Politiet har store delar av ettermiddagen vore godt synlege i bybiletet i Molde, for å unngå supporterbråk mellom Tornekrattet (Molde) og Kjernen (Rosenborg).

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK