NRK Meny
Normal

Molde vann generalprøva

Kampen mellom Molde og AaFK er siste innspurt før serien er i gang. Med 1-0-siger ligg Molde best an her i fylket.

Spelarane klar for kamp

Spelarane går på banen, klare for siste finpuss før seriestarten 15. mars.

Foto: Roar Strøm / NRK

76 minutt ute i kampen gjekk Molde opp i 1-0 då Rune Ertsås fann nettmaskene.

- Vi skal ta stadion tilbake, sa MFK-trenar Kjell Jonevret til klubben sine nettsider før siste treningskamp. I fjor gjorde klubben det dårleg heime, men det vil han endre på.

I kveld hadde han siste sjanse til finpuss før seriestarten 15. mars, når AaFK gjesta Aker Stadion.

Kampen starta klokka 18.00.

MFK-AaFK begge lag
Foto: Roar Strøm / NRK

MFK

Molde stilte i følge eigne nettsider med dette laget:

Jan Kjell Larsen - Kristoffer Paulsen Vatshaug, Christian Steen, Vegard Forren, Knut Olav Rindarøy - Thomas Holm, Makhtar Thioune, Daniel Berg Hestad - Mattias Moström, Magne Hoseth, Pape Pate Diouf

AaFK

Gjestane frå Ålesund stilte med følgjande lag:

Anders Lindegaard, Enar Jääger, Jonatan Tollås, Daniel Arnefjord, Demar Phillips, Amund Skiri, Khari Stephenson, Johan Arneng, Peter Kopteff, Tor Hogne Aarøy, Jonathan Parr.

Under kampen øva arrangørstaben på sin beredskap fram mot sesongstart. Om lag 350 personar var med i øvinga.

Mellom anna trena dei på korleis dei skal handtere bråk i publikum, og brann på stadion.

Aker Stadion, Molde

Arrangørstaben skal også trenast under treningskampen på søndag.

Foto: Odd Sørås / NRK