Med 1-1 heime mot Vålerenga har MFK berre ni poeng på dei første åtte kampane.
Omdiskutert straffe
I går mangla sentrale spelarar som Magne Hoseth og Trond Strande, medan kaptein Magnus Kihlberg berre spelte den siste halvtimen på grunn av skade. Kihlberg meiner Vålerenga aldri skulle hatt straffesparket som ga utlikning like før pause.
Bernt Hulsker ga MFK leinga etter eit presist overlegg frå Stig Arild Råket etter 33 minutt. Det var kampen sin største prestasjon og skjedde i ein periode då Molde hadde føringa.
Mot slutten av første omgang utlikna Vålerenga etter det omdiskuterte straffesparket. Molde-keeper Eddie Gustafsson ga retur på eit skudd frå Jørgen Jalland. Hortensmannen fanga opp returen og blei etter dommaren si meinig felt. Tidlegare Molde-spelar Freddy dos Santos satte inn straffen, og gjestane på Molde stadion sikra seg eitt poeng. Dermed er Vålerenga det einaste laget utan tap så langt i årets tippeliga.
Vinn for få kampar
Likevel vinn Oslo-laget for få kampar til å vere eit topplag. Poengdeling i fem av åtte kampar har gitt laget stempelet som uavgjortspesialist, og spelande trenar Kjetil Rekdal innrømmer at dei spelar uavgjort for ofte.
- Dette var vår desidert dårlegaste kamp hittil i år. Vi var upresise og tapte ballen for ofte, sa Rekdal etter kampen. Han satte seg sjølv inn på laget og la om til 4-3-3 like før slutt utan at det hjalp på resultatet.
Store problem
Molde hadde store problem med angrepsspelet og effektiviteten, men fungerte elles bra. Laget leverte ein god, kollektiv første omgang. Målscorar Bernt Hulsker gjorde sin beste omgang i år, men etter pause spelte ikkje Molde like godt.
- Vi manglar rytme og flyt i angrepsspelet, medgir Molde-trenar Reidar Vågnes.