Molde-trenar har framleis tillit

Sjølv om Molde Fotballklubb risikerer nedrykk er det ingen sterke krav om at trenar, Kjell Jonevret, må gå.

Kjell Jonevret

Kjell Jonevret legg all energi i å halde Molde i eliteserien. Førstkomande søndag er det Vålerenga som står for tur.

Foto: Rehn-Erichsen, Jarl / Scanpix

Molde kjempar for å unngå nedrykk frå eliteserien og fekk det ikkje lettare etter fotballkampen på Lerkendal mot Rosenborg søndag.

Skuldar ikkje på Jonevret

Suporterklubben Tornekrattets leiar, Eva Britt Mauseth, tykkjer ein heller skal stille spørsmål ved den sportslege styringa av klubben, enn å leggje all skuld på moldetrenar Jonevret for den dårlege plasseringa på tabellen.

RBK slo rivalene på Lerkendal

Ni kampar utan seier

Vil ikkje fokusere på avgang

- Eg gjer så godt eg kan, og eg veit det er mange ting som ikkje har gått slik som det skulle i år. Kjem krava om at eg må gå, så er det ikkje rart. Det er likevel ikkje noko eg tenkjer på no, seier Kjell Jonevret til NRK.

Han forsikrar at det ikkje er panikk i Molde-troppa til trass for at stemninga er alvorleg i klubben.

- Vi skal ta oss saman og arbeide knallhardt vidare. Det er vi nøydde til, for vi må ta poeng no, påpeikar moldetrenaren alvorleg.

Kan verte tøft

Sentrale nøkkelspelarar er borte som gjer at det kan verte tøft for Molde framover. Knut Olav Rindarøy er på veg til Spania, og Magne Hoset og Daniel Berg Hestad er ute i neste kamp mot Vålerenga førstkomande søndag.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.