Norges Røde Kors sender 300 familietelt produsert ved Rofi industrier i Molde til Sri Lanka. Det vil i dei neste dagane også bli sendt Rofitelt som skal nyttast til feltsjukehus og legekontor i dei kriseramma områda.
Fyller opp lager
- Det at den første leveransen no skjer får ikkje store følgjer for produksjonen ved ROFI, seier dagleg leiar Berner Olsen. Etter kvart skal vi likevel setje i gang med å produsere nye telt. I første omgang skal vi produsere materiell for å fylle opp Røde kors sine lager i Noreg, seier Olsen.
Innsats

Berner Olsen, dagleg leiar i Rofi.
- Vi har ein fantastisk gjeng her på ROFI som stiller opp og der er det aldri nei. I tillegg har vi samarbeidspartnarar i andre land som også stiller opp når vi treng ekstra kapasitet og kompetanse, seier Berner Olsen.
300 familietelt
Astrid Haugen i Røde Kors seier dei no sender sørover så mange telt som råd. - Dette er ein katastrofe som verda ikkje har sett maken til i nyare tid. Behovet for utstyr er vanskeleg å definere heilt klart førebels. I første omgang sender vi med fly onsdag morgon 300 familietelt frå ROFI. I neste omgang sender vi ut ein såkalla Emergency responce unit, seier Haugen. Dette er ein lege-stasjon, der det også blir brukt telt frå ROFI, forklarar ho.
ROFI industrier har no sendt to personar til Oslo for å assistere Røde Kors.