Hopp til innhold

Molde tapte semifinalen: –Det var kjipt å ryke ut

Glasverket vart for sterke for Moldekvinnene. Draumen om å spele finale i NM rauk i kveld.

Anniken Obaidli

Anniken Obaidli deppar ikkje sjølv om Molde tapte semifinalen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Nykommar i eliteserien i handball, Molde, vart for små då dei møtte Glassverket i Drammenshallen i kveld. Glasverket var favorittar og vann kampen 35–27.

Anniken Obaidli var budd på å møte eit sterkt lag, men hadde heile tida eit håp om at det skulle gå vegen for Molde. Til pause låg dei under med berre tre mål.

– Det er jo kjipt å ryke ut, men vi møtte eit betre lag i dag, seier Obaidli. Førsteomgangen starta bra, men etter pause vart Moldekvinnene liggande bak med åtte mål.

– Vi gjorde tekniske feil og bomma framover. Då vart vi kontra, seier Obaidli. Til trass for tapet er stemninga bra i laget.

No møter Glassverket Larvik i finalen, som vert spelt i Nadderud Arena 30. desember.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL