2-0 ved pause
Magne Hoseth fekk gult kort etter 25 minutt fordi han var for røff mot ein av Klaksvik-spelarane. Også Klaksvik-spelar Harley Bertholdsen fekk gult kort etter ei tøff takling på det våte underlaget. (31.min). Så fekk Molde straffe etter ei felling av Daniel Berg Hestad. Straffesparket sette Magne Hoseth sikkert i mål. Klaksvik-spelarane protesterte så kraftig at Ovi Nysted fekk gult kort. Like etter laga David Ljung 2-0 etter ein dødball.
Søkk våt bane og høljende regnvær prega kampen. Foto: Gunnar Sandvik
Hulsker inn
Bernt Hulsker kom inn for Øyvind Hoås på Molde-laget etter pause. MFK kontrollerte det meste også etter pause utan å skape så mange sjansar i første halvdel.
Midt i 2.omgang fekk Martin Høyem sin debut i Molde-trøya etter overgangen frå Rosenborg. Høyem kom inn for Tobias Carlsson. Bernt Hulsker hadde ein stor sjanse nokre minutt før full tid, men åleine med keeper makta han ikkje å score.
Molde-keeper Eddie Gustafsson måtte strekke seg så lang han var på overtid og hindra eit reduseringsmål, som ville ha gjort jobben langt vanskelegare for Molde i returkampen.
Seks gule kort vart det. Fire til Klaksvik, og to til Molde.
Molde slapp Klaksvik fram på banen i sluttminutta, og det kunne lett blitt mål på dette frisparket. Foto: Gunnar Sandvik
Lite publikum
Det dårlege veret gjorde også truleg sitt til at det var svært lite publikum på Molde stadion i kveld (868 tilskodarar). Men mellom dei som var på kampen var 40 Klaksvik-tilhengarar som tok charterfly til Noreg og Molde. Returkampen går om 14 dagar på Færøyane.
IK Klaksvik