Molde festa grepet dei første 25 minutta, men etter 2-0 kom Brann meir med i kampen. Bergenserane har store skadeproblem, og både Kenneth Storvik og Jan Tore Ophaug måtte forlate bana med skadar i første omgang. Dei vart erstatta av Erlend Storesund og Egil Ulfstein.
Molde har vraka Bernt Hulsker frå startoppstillinga, og det er trioen Hoseth, Mork og Hasselgård som spelar på topp for heimelaget.
Tilskodartalet på Molde stadion i kveld er 5508. Molde trygga leiinga utover i 2.omgang i solskinet på Molde stadion. Brann hadde fleire gode sjansar etter pause, men ein god Eddie Gustafsson i Molde-målet leverte fleire praktredningar.
Saman med tomålsscorar Hasselgård var han blant Molde sine aller beste i kveld.