Hopp til innhold

Her lærer Kostiantyn (13) norsk gjennom å spele sjakk

I Molde blir ukrainske flyktningar integrert over sjakkbrettet. Der lærer dei å meistre både sjakk og språket.

Ruslan Savosko frå Ukraina

SJAKK: Kostiantyn Stasheniuk er ein av dei som kombinerer språkopplæring med hobbyen sjakk. Han kom til Molde frå Ukraina i mai.

Foto: Roar Strøm / NRK

Konsentrasjonen er på topp idet neste runde med sjakk setter i gong. Kvar måndag møter nordmenn og ukrainske flyktningar kvarandre over sjakkbrettet i Molde.

– Det er kjekt, for eg liker å spele sjakk og snakke med folk. Om eg ikkje hadde vore her, hadde eg sikkert berre vore heime og spelt data, seier Kostiantyn Stasheniuk (13).

Ruslan Savosko

Ruslan Savosko (9) til venstre synest det er gøy å spele sjakk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Saman med Ruslan Savosko (9) er han blant dei ukrainske flyktningane som har blitt ein del av sjakklubben i Molde.

– Det er lettare å bli kjent med folk på denne måten, og vi har lært både litt norsk og engelsk, seier dei to, medan dei ramser opp nokre av dei norske orda dei har lært seg.

Også mora til Ruslan, Maryna Savosko, ser fordelane ved å vere ein del av den lokale sjakklubben.

– Her får vi snakka med dei lokale, noko som gjer det enklare å lære språket. I tillegg er det veldig viktig å ha noko å gjere på her, seier ho.

Ukrainske flyktningar speler sjakk i Molde

Både Maryna Savosko (i lysebrun genser) og sonen Ruslan Savosko (bakarst i bildet) har blitt ein del av Molde sjakklubb.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Viktig integreringstiltak

Ideen bak integreringstiltaket var det Tor Wetle Wetlesen, leiar i Molde sjakklubb, som hadde. Han har tidlegare jobba ved vaksenopplæring og veit kor viktig det er å lære språket for å bli integrert.

Wetlesen tok difor kontakt med vaksenopplæringa i Molde og presenterte sjakklubben for dei som går der. Og responsen var umiddelbar.

Tor Wetle Wetlesen, leiar i Molde sjakklubb

Tor Wetle Wetlesen, leiar i Molde sjakklubb, meiner at sjakk er godt eigna til å bruke i integrering.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Veka etter kom det 20 stykke. Alle framandspråklege er velkomne, ikkje berre dei frå Ukraina, men det var på grunn av situasjonen der at eg kom på dette.

Wetlesen meiner at sjakk er godt egna til å integrere personar i eit nytt samfunn. Gjennom ein felles hobby kan ein både finne vennar med same interesse og lære språket samtidig.

– Vi starta med å lære dei norske namna på sjakkbrikkene. Sjakk er eit spel der du kan sette deg ned med kven som helst, uavhengig av språk, kjønn og alder. Det er ein rimeleg hobby og alle kan lære det. Her slår niåringane dei på 60, seier han.

Ukrainske flyktningar blir integrert gjennom sjakk i Molde

Både barn og vaksne spelar sjakk mot kvarandre i Molde. Leiaren av sjakklubben seier det er kort veg frå teori til praksis og at alle kan lære sjakk.

Foto: Roar Strøm / NRK

Positivt for alle partar

No har sjakklubben også fått 100.000 kroner i integreringsmiddel frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Pengane går mellom anna til utstyr, læremateriell og ein tolk for å lette kommunikasjonen.

Og dei nye medlema har bidratt til ein meir levande klubb, seier klubbleiar Wetlesen.

– Vi får ein levande klubb. Vi får jo sterk konkurranse frå internett og det å spele heime. Med fleire folk blir det også eit betre miljø. Vi har også godt av å få større spreiing når det gjeld alder, kjønn og etnisitet, seier leiaren av sjakklubben.

Alle spelarane har fått medlemskap lokalt og i Noregs Sjakkforbund. Dermed kan dei spele turneringar over alt i landet og elles i verda. Ukrainarar er kjende for å vere gode i sjakk, så kanskje viser det seg å vere eit talent blant dei nye medlemene.

– Har du håp om at det kan dukke opp eit sjakktalent?

– Ja, det har ein alltids, seier Wetlesen med eit smil.

Les også Ukrainske Lilia flykta til norsk Instagram-venn

Lilia Yatsenko og Anna Gangstad i senga

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL