Maritech Systems AS er den leiande leverandøren av forretningssystem for sjømatindustrien, med snart 40 års røynsle. Selskapet er leverandør til mange av dei største sjømatselskapa i verda, og har rundt 50 tilsette i Noreg og Canada.
Vil bli store internasjonalt
Selskapet som no er oppkjøpt, WiseDynamics Ltd har 12 tilsette, og har kontor i Halifax i Nova Scotia, og leverer tilsvarande som Molde-selskapet, men til marknaden i Canada og USA. Oppkjøpet er i tråd med planane om å vekse internasjonalt, både for å betre kunne følge eksisterande kundar, men og for å få tilgang til nye marknader og produkt, seier administrerande direktør Arne Lie Gundersen.