Hopp til innhold

– Det er heilt fantastisk

Damelaget til Molde handballklubb vann kveldens kamp mot Randesund og rykker dermed opp til eliteserien i handball.

Molde handballklubb

Hoppande glade jenter: Damelaget til Molde handballklubb blei i kveld historiske då dei er det fyrste damelaget frå Møre og Romsdal til å rykke opp i eliteserien.

Foto: Elin Kortner Lystad

Etter ein sterk andre omgang vann Molde til slutt 33–21 over laget frå Kristiansand, og kunne endeleg sleppe jubelen laus. Dermed er dei sikra opprykk til eliteserien, sjølv om sesongen ikkje er ferdig.

– Det er heilt fantastisk. Stemninga i laget er kjempebra og ja, dette er berre heilt sjukt, seier ein svært glad Anniken Obaidli etter at kampen var ferdig.

– I kveld kan vi endeleg feire, og det skal vi verkeleg gjere, held ho fram.

– Det betyr mykje for laget å rykke opp

Obaidli, som også er kaptein for damelaget, fekk tittelen «banens beste spelar».

– Det betyr utruleg mykje. Vi er så mange jamt gode spelarar, så det å få denne tittelen det er artig, seier ho.

Molde handballklubb

Damelaget til Molde handballklubb rykket søndag opp til eliteserien.

Foto: Elin Kortner Lystad

Møre og Romsdal har aldri hatt eit damelag i eliteserien for handball, og Molde handballklubb er dermed historiske. Kapteinen fortel at det også betyr mykje for laget å rykke opp.

– Vi er eit svært ungt lag, men har mykje potensial. Det var ingen som hadde sett for seg at vi kom til å rykke opp til eliteserien og det hadde heller ikkje vi. Vårt fyrste mål var og halde oss i fyrste divisjon og sjå kva vi hadde moglegheit til. Den moglegheita tok vi, og nå skal vi faktisk opp i eliteserien, seier Obaidli.

– Det er kjempeartig!

19- åringen har sjølv spelt handball sidan ho var 10 år gamal, og har lenge jobba mot eitt mål.

– Eg har alltid hatt ein draum om å spele i eliteserien, spesielt det å kunne få Molde opp har vore viktig for meg, fortel kapteinen.

No ser ho fram til neste sesong.

– Det blir veldig spennande. Eg gler meg til å sjå kor det blir og alt rundt det å spele i eliteserien, seier Obaidli.

Ein utruleg sesong

Trenar, Einar Jónsson, var også kjempefornøgd med resultatet.

– Eg er svært glad. Det har rett og slett vore ein utruleg sesong, seier han.

Jónsson meinte at laget ikkje spelte på sitt beste i fyrste omgang, men at jentene snudde kampen og leverte ein svært sterk andre omgang i Kristiansand. Han hylla jentene etter kampslutt.

– Dei imponerer meg verkeleg meir og meir for kvar dag og veke som går. Dei har levert heilt utruleg denne sesongen, og eg kunne ikkje vore meir fornøgd, seier han.

Trenaren innrømmer at han enno ikkje har fått så mykje tid til å tenke på eliteseriespel neste sesong, men seier at det truleg blir tøft.

– Uansett er det er ei løn for alt det positive som skjer i Molde. Eg vil seie ein stor takk til alle dei som støttar opp rundt laget, og den innsatsen dei gjer. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dei, seier Jónsson.

Hardt arbeid i mange år

Hilde Bjørsvik, nestleiar i Molde handballklubb, har tidlegare sagt at hardt arbeid gjennom mange år er ein av årsakene til at det har gått så bra for damelaget.

– Det er lagt ned mykje tid i dei kjekke jentene her, men utviklinga har gått kjempefort. Mykje raskare enn vi hadde trudd, seier ho.