NRK Meny
Normal

Molde rapporterer laserbruk

Molde har varsla UEFA, etter at keeper Ola Söderberg blei blenda av laser under Europaliga-kampen mot Steaua Bucuresti torsdag.

Ole Söderberg

Ole Söderberg stod ein god kamp, då Molde tapte 2–0 mot Steaua Bucuresti i Europaligaen torsdag. Laserlyset i augene var derimot ikkje så veldig hjelpsamt.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

I nærmast samtlege 90 minutt av oppgjeret mellom Steaua Bucuresti og Molde i Europaligaen torsdag, blei Molde sin svenske keeper Ola Söderberg blenda av eit grønt laserlys frå tribunen.

No har Molde varsla Det Europeiske Fotballforbundet (UEFA).

– Det var 40.000 menneske på stadion, og eitt individ hadde ein laser retta mot meg nesten heile kampen. Eg blei ikkje veldig hindra av det, men det var irriterande.

Det fortel Söderberg til Molde FK si heimeside..

Éin person kasta ut

Allereie tidleg i andre omgang av kampen blei dei ansvarlege for sikkerheita på stadion i Romania varsla.

I tillegg blei UEFA varsla.

Éin person skal ha blitt kasta ut av stadion nærmast umiddelbart etter at Molde varsla. Likevel betra ikkje situasjonen seg for 22-åringen i Molde-buret.

Det er framleis usikkert om hendinga får konsekvensar for Steaua Bucuresti.

(©NTB)

Ole Söderberg

Ole Söderberg er førstekeeper når Espen Bugge Pettersen går kneskadd. Han imponerte i Romania torsdag.

Foto: Djorovic, Aleksandar / SCANPIX / NTB scanpix