Hopp til innhold

Molde-lege tatt for journalsnoking

Ein lege ved Molde sjukehus er avslørt for å ha snoka ulovleg i pasientjournalar.

Molde sjukehus
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Saka er meldt til Helsetilsynet, Datatilsynet og politiet.
Legen vart avslørt av loggen i datasystemet, skriv Romsdals Budstikke .

Administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal, Bjørn Engum, seier til avisa at helseforetaket ser svært alvorleg på saka.

– Dette er den mest alvorlege saka vi har hatt med ureglementær tilgang til informasjon frå pasientjournalar, seier Engum.

Legen erkjenner å ha vore innom journalane, men avviser at det var snakk snoking.