NRK Meny
Normal

Molde kommune har blitt misbrukt på nett

Fleire har latt seg lure av ei nettside som er forvekslande like nettsida til Molde kommune. Kommunen har meldt saka til politiet.

Svindel av Molde kommune
Foto: skjermdump

Dersom du gløymer eit punktum i adressa til Molde kommune si heimeside, kjem du til ei side som er til forveksling lik den offisielle sida til kommunen.

På den falske nettsida framstår det som om innbyggjaren er utvald til å delta i ein anonym undersøking for å seie meininga si om Molde kommune. Der kan du velje premie som skal vere verdt meir enn 699 kroner, står det.

– Vi ynskjer å åtvare folk og har meldt forholdet til politiet. Vi har også sendt klage til domeneklagenemnda, seier informasjons- og servicesjef i Molde kommune, Hilde Johansen.

Vanskeleg å avbryte

Molde kommune har fått tilbakemeldingar frå fleire som har latt seg lure og opplevd at det vert lagt på ei rekkje kostnader når dei vel seg premie. Det er også vanskeleg å avbryte bestillinga når den først har starta. Johansen tvilar på at det nokon gong vil kome ein svarpremie i posten.

– Det er alvorleg at nokon utgir seg for å vere Molde kommune. Folk må halde seg unna denne nettsida, seier Johansen. Dei ynskjer at domenenamnet vert sletta eller overført til kommunen.

Burde de ikkje ha sikra dykk dette domenenamnet i starten?

– Jo, det er klart. Dersom ein skal vere etterpåklok, så burde vi absolutt ha gjort det, seier Johansen.