Hopp til innhold

Molde kan møte Stuttgart

...dersom dei slår FK Jelgava neste torsdag.

Marcus Andreasson (tv) og Kristoffer Paulsen ryddar unna i feltet til MFK.

MFK: MFK kan møte Stuttgart i europacupen. Her representert ved Marcus Andreasson og Kristoffer Paulsen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg

Det var klart etter trekkinga av tredje kvalifiseringsrunde i Geneve fredag.

- Spanande kamp

- Om det vert slik at me skal møte Stuttgart, så vert det ein spanande kamp, seier Molde-trenar Kjell Jonevret.

Kjell Jonevret på trening

PÅ JOBB: MFK-trenar Kjell Jonevret.

Foto: Arne Flatin / NRK

For Molde er ikkje klare for tredje kvalifiseringsrunde i europaligaen endå.

Først må dei slå Jelgava samanlagt, og deretter står tyske Stuttgart for tur.

LES OGSÅ: Molde-seier på overtid

- Sterkt lag

Jonevret har stor respekt for den potensielle motstandaren.

- Stuttgart er eit godt lag. Me kan jo håpe å gå vidare, men det vert tøffare å klare det når motstanden vert så sterk.

Molde slo latviske FK Jelgava 1-0 torsdag kveld. Returkampen går neste torsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL