Hopp til innhold

Molde har flest utskrivningsklare pasientar på vent

Molde sjukehus er det sjukehuset i Møre og Romsdal med flest utskrivningsklare pasientar som blir verande på sjukehuset. Hittil i år har det kosta Molde kommune mellom fem og seks millionar kroner.

Sykehuset i Molde

FLEST: Sjukehuset i Molde er det sjukehuset i Møre og Romsdal som har flest utskrivingsklare pasientar på vent.

– Ein god del av kapasiteten vår er bunde opp i pasientar som er utskrivingsklare, seier administrerande direktør Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal.

– Per no så er det flest utskrivingsklare i Molde, seier han.

– Ikkje tilfredsstillande

Kommunane må betale ein gitt pris per liggedøgn for ein utskrivingsklar pasient. Hittil i år har det vore 108 utskrivingsklare pasientar som blir verande på sjukehuset i Molde.

Frå januar til mai var det rundt 200–300 døgn kvar månad med utskrivingsklare pasientar, ifølge statistikk frå Helse Møre og Romsdal.

Dag Hårstad

Administrerande direktør Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal seier det ikkje er tilfredsstillande å ha pasientar på vent. Han legg til at dei er i god dialog med kommunen og at dei jobbar hardt med å endre situasjonen.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Det er ikkje god behandling å ha utskrivingsklare pasientar på sjukehuset som ventar på overføringa til kommunen, seier Hårstad.

– Når du er på sjukehuset og er ferdigbehandla, så ligg du på feil plass. Dersom det er behov for kapasitet så blir ein ofte lagt på korridoren, og det er klart at det ikkje er tilfredsstillande, seier han.

Hårstad legg til at dei er i god dialog med kommunen.

– Dei er fullstendig klar over situasjonen, og dei jobbar hardt for å få til tilbodet slik at me kan betre situasjonen, seier han.

Kostar kommunen millionar

Hittil i år har det kosta Molde kommune mellom fem og seks millionar kroner å ikkje klare å ta imot utskrivingsklare pasientar.

Torgeir Dahl

Ordførar Torgeir Dahl i Molde seier det er utfordrande for kommunen med mange utskrivingsklare pasientar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Problemet har vore at me har hatt ein veldig sterk auke på såkalla 24-timarsmeldingar frå sjukehusa på utskrivingsklare pasientar. Ut mai månad hadde me ein auke på 30 prosent samanlikna med 2014, seier ordførar i Molde, Torgeir Dahl (H).

– I periodar får me melding om heile fem pasientar kvar dag som skal takast imot i løpet av 24 timar. Pasientane kan vera ganske dårlege, og det er klart at når du har så mange kvar dag, så krev det eit ganske godt apparat for å takle det, seier Dahl.

Betre sommarmånadar

Sommarmånadene ser betre ut for Molde sjukehus, men ordførar Torgeir Dahl i Molde kommune seier at det til tider er svært utfordrande.

– I mars og april hadde me ein auke på 41 prosent. Det er ein uforklarleg auke, og både kommunen og helseføretaket slit med å forklare dette, seier han.

– Det kan kanskje ha noko med påsken å gjere, for den var jo i månadsskifte mars og april. Då sleit me veldig med å ta imot dei utskrivingsklare pasientane, seier han.

I juli seier han at det i dei to første vekene ikkje var nokon pasientar som dei ikkje klarte å skrive ut innan 24 timar, og i den tredje veka var det to pasientar dei ikkje klarte å ta ut.

– No ser det ut som om me klarar oss godt, men me kan ikkje lene oss tilbake, seier han.