Molde HK blir igjen å finne i Eliteserien etter at dei søndag kveld slo Fredrikstad.
Aud Ingrid Silseth, som er målvakt seier det er fantastisk å vere i Eliteserien igjen.
– Det er ei utruleg lette, vi har gått og venta på denne kampen lenge. Det er godt å bevise at vi er heilt i toppen, seier ho.
– Hadde du trua?
– Kanskje ikkje i dei tre første kampane, men så fekk vi noko inni oss, som sa at no skal vi jammen klare dette, seier ho fornøgd.
Les også:
– Det såg mørkt ut
Trenar Magnus Johansson seier det var fantastisk med siger og opprykk søndag ettermiddag. No er Molde HK klar for Eliteserien.
Foto: Joachim BorøchsteinTrenar Magnus Johansson kom inn som trenar for Molde HK eit stykke ute i sesongen. Då såg det ikkje særleg lysteleg ut.
– Eg kom inn på eit tidspunkt då dei hadde tapt dei tre første kampane, og det er klart, det såg mørkt ut.
– Kor viktig var denne sigeren?
– Den var kjempeviktig, det kjennest fantastisk, det var ein spennande kamp og ei utruleg herleg kjensle no, seier han.
Ikkje fest før neste helg
Sjølv om opprykket er klart allereie denne helga, skal ikkje handballkvinnene feire før neste helg. Først skal dei gjere frå seg siste seriekampen.
– Då skal vi ned på MFK-losjen og sjå Rosenborg - Molde, og så blir det sikkert litt fest etter det, seier Silseth.
Vil gjerne ha fleire spelarar
Målmakt Aud Ingrid Silseth seier dei skal feire sigeren først neste helg. Først skal dei gjerne frå seg kampen laurdag mot Skrim.
Foto: Joachim BorøchsteinSilseth seier dei no skal trene til 27. mai, og deretter ha pause og sommarferie før ny oppkøyring. Ho meiner laget må ha forsterkingar, når dei no tek steget opp igjen i Eliteserien.
– Vi treng generelt fleire spelarar, kanskje nokre vingar og sikkert også ein keeper, seier ho.