Hopp til innhold

Supporterklubben starta innsamling til Kreftforeningen: – Det er veldig rørande

Moldekaptein Magnus Wolff Eikrem mista sambuaren sin til kreft før helga. Han ønskte donasjon til kreftsaka, og no renn pengane inn.

Eliteserien i fotball 2022: Molde - Aalesund 3-0

RØRANDE: Både trenar og heile Fotball-Noreg viser støtte og givarglede til Magnus Wolff Eikrem.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Fredag førre veke kom den triste beskjeden om at Berit Ingeborgvik Talseth, sambuaren til Wolff Eikrem, hadde gått bort etter lang tids sjukdom.

Det fekk supporterklubben «Tornekrattet» til å starte ein innsamlingsaksjon til Kreftforeningen.

– Magnus sjølv sa at han ønska ein donasjon til Kreftforeningen, i staden for blomstrar. Derfor oppretta vi ein Spleis og donerte sjølv 10.000 kroner, og det har tatt heilt av, fortel leiar i Tornekrattet, Ronny Stamsvik.

Molde

Støtteerklæringar har kome frå heile landet.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Så langt har dei samla inn over ein halv million kroner.

– Det er veldig rørande og veldig flott at mange vil støtte saka, men også vise si støtte til Magnus, fordi dette er ei ufatteleg trist sak, seier Stamsvik.

Moldesupportere klare for cupfinalen på Ullevaal stadion, med leder for Tornekrattet, Ronny Stamsvik, i spissen.

Ronny Stamsvik, leiar for supporterklubben «Tornekrattet». Her fotografert på cupfinalen på Ullevaal stadion i mai.

Foto: Arne Flatin / NRK

Støtteerklæringar frå nord og sør

Ein av supporterklubbane som har bidrege i innsamlingsaksjonen er «Vikinghordene».

Skjermdump av VikingHordene sin Twitter-melding

Skjermdump av Twitter-meldinga til supporterklubben til Viking Fotballklubb.

Foto: Skjermdump

Støtteerklæringar har komme frå heile landet.

«Vår djupaste medkjensle til Magnus Wolff Eikrem, familiane og Molde Fotballklubb. Fotballfamilien er med dykk», skriv Vålerenga Fotball.

«Vi kondolerer så mykje til Magnus, familien og MFK», skriv Kristiansund Ballklubb,

«Vår djupaste medkjensle til Magnus Wolff Eikrem, næraste familie og Molde FK», skriv Rosenborg Ballklub.

Eliteserien i fotball 2022: Molde - Aalesund 3-0

Moldespelerane og trenarapparatet står bak Magnus Wolff Eikrem i ei tung tid.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Ellevill sum

Kreftforeningen seier at dei set enormt pris på initiativet frå Tornekrattet og fotball-Noreg som har støtta slik opp. Dei meiner at eit slikt samhald og engasjement er heilt spesielt. Det er heller ikkje daglegdags at det kjem inn så mykje pengar på så kort tid.

– Det er heilt elleville summar. Dette er så rørande og stort for oss å sjå, seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross.

Ho seier at det er ein uendeleg trist situasjon som ligg bak og at dei sender varme tankar til Moldekapteinen.

Markering på stadion

Under kampen søndag markerte både klubben og supporterane bortgangen med eitt minutts stillheit, ved å bere sørgjeband og at heile stadion reiste seg og klappa i det sjuande minuttet – som er Wolff Eikrem sitt draktnummer.

Den mest rørande augneblinken var nok likevel då kapteinen sjølv kom på banen i slutten av kampen.

– Det var det, absolutt. Det er sånne augneblinkar ein tek med seg og legg tett til hjartet, sa trenar Erling Moe etter kampen.

Moldes Magnus Wolff Eikrem og trener Erling Moe

Trenar Erling Moe gir Magnus Wolff Eikrem ein klem etter søndagens kamp.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Det har vore veldig tungt for Molde og Magnus. Men måten han har handtert det på har gitt motivasjon til heile spelargruppa. Det er ein tryggleik å ha han med seg. Det var fantastisk at vi fekk markert dette på denne måten, sa lagkamerat Ola Brynhildsen etter kampen.

– Kapteinen vår

Leiaren i Tornekrattet set stor pris på alle som har bidrege og fortset å bidra inn i innsamlingsaksjonen.

På spørsmål om kor viktig Magnus Wolff Eikrem er for supporterane, svarer han:

– Veldig viktig. Han er den heimvende son. Han er ein av Noregs beste fotballspelarar. Han er kapteinen vår. Vi bryr oss om han uansett, og når han hamnar i ein sånn trist situasjon, kjenner vi veldig med han. Det gjer vi, seier Stamsvik.

Tornekrattet

Tornekrattet viser stor støtte til kapteinen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB