Hopp til innhold

Molde håper kunstgraset kan gi dei fordel mot Tysklands topplag

Molde gler seg til å måle krefter mot tysk serieleiar. – Det kjem til å bli ein voldsom test, seier kaptein Magnus Wolff Eikrem.

Veton Berisha Magnus Wolff Eikrem

Torsdag møter Molde serieleiar Bayer Leverkusen i Europaligaen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sjølvtilliten til Molde er stigande etter at dei tok ein solid siger mot Viking søndag. Torsdag ventar den tyske serieleiaren Bayer Leverkusen i Europaligaen på heimebane seint på kvelden i flaumlys.

– Det skal bli artig å måle kreftene mot dei. Det er kanskje Tyskland sitt beste lag no, seier trenar Erling Moe.

Første playoff kamp til UEFA Champions League i fotball 2023: Molde - Galatasaray (2-3)

Erling Moe trur det blir ein tøff kamp mot Bayer Leverkusen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Håper kunstgras gir fordel

Spelarane gler seg og har lyst å vise seg frå same gode side som mot Viking søndag.

– Vi har vist før at vi kan kjempe mot gode lag i Europa også, så det vil vi vise heime på torsdag, seier Kristian Eriksen.

Kristian Eriksen, Molde fotballklubb

Kristian Eriksen gler seg til å treffe den tyske serieleiaren.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei har sett litt på Bayer Leverkusen, og trur det blir ein artig kamp, men innrømmer at det blir tøft.

Molde-kaptein, Magnus Wolff Eikrem, seier at dei har alt å vinne mot eit så godt lag.

– Det kjem til å bli ein voldsom test for oss å møte eit av dei beste laga i Europa no. Vi har ingenting å tape, seier Wolff Eikrem. Han håper at kunstgraset på Aker Stadion kan vere ein fordel for Molde.

– Det er ikkje mange som har likt å spele på det kunstgraset, i alle fall ikkje av dei beste europeiske laga, seier Wolff Eikrem.

Andre runde i kvalifisering til UEFA Champions League i fotball 2023: Molde - HJK Helsinki (2-0)

Magnus Wolff Eikrem håper at kunstgrasbana i Molde kan vere til deira fordel.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Fokuserer på søvn og mat

Kampane kjem tett for Molde, og det er slik dei vil ha det. Dei jobba knallhardt i fjor for å kvalifisere seg til Europaligaen.

– Det er dette vi ønsker, men det blir mindre trening og meir fokus på å få søvn restituering og mat, seier Trond Strande som er assistenttrenar.

Berre tre dagar seinare er det toppkamp mot Bodø/Glimt som jagar gullmedalje. Den kampen er det lite fokus på no, sjølv om kampen er viktig.

– Vi har fokus på den næraste kampen og preppar troppen så godt som mogleg, seier Strande.

Assistrentrenar for Molde, Trond Strande

Assistenttrenar Trond Strande seier at dei fokuserer på torsdagens kamp først, deretter blir fokuset på Bodø/Glimt søndag.

Foto: Marius Simensen / NTB

Fysisk monster

No har dei lagt ein kampplan og fått oversikt over spelarane dei rår over. Før Viking-sigeren har det lugga litt for Molde. Nøkkelspelar Martin Linnes er ute med skade, Sivert Mannsverk er seld og Martin Bjørnbak har brot i handa.

Assistenttrenar Strande vurderer motstandar Bayer Leverkusen bra både som lag og seier dei har gode enkeltspelarar.

Tidlegare Bodø/Glimt-spelar Victor Boniface har herja på bana og kan bli ei utfordring.

– Han er eit fysisk monster. Vi kjenner han frå før og vi ser fram til den duellen også, seier Strande.

Torsdagens kamp er Molde sin andre i Europaligaen i år.

Les også Frykter for barns helse: – En skam for Oslo

toppbilde