Må betale ei saftig bot etter sølvfeiringa på laurdag

Molde FK hadde berre ein dag att av karantenetida då dei feira sølvet i Eliteserien i år. No må dei punge ut etter festen.

Eliteserien fotball 2020 : Molde - Sarpsborg 08 (5-0)

SØLVFEST: Laurdag fekk Molde-spelarane sølvmedaljen. Det vart feira på Aker Stadion i Molde 19. desember.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Molde FK må betale 50 000 kroner i bot etter festen på laurdag, det opplyser politiet i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Spelarane hadde framleis ein dag igjen av karantenetida på laurdag. Sølvfesten var derfor berre for spelarar og det næraste støtteapparatet.

I løpet av festen kom det fleire personar innom, og totalt skal det ha vore 35 deltakarar, mens reglane er ei grense på 20 personar for private festar.

Det var fotballklubben sjølv som meldte frå om lovbrotet. Og det skal også har ført til at summen ikkje vart større enn 50 000.

– Straffa kunne ha vore høgare om dei ikkje sjølv meldte frå, seier politiadvokat Andres Skorpen-Trøen.

Politiet seier det mest alvorleg lovbrotet var at dei var samla over 20 personar.

Laget hadde berre éin dag igjen av karantenen etter ein bortekamp mot Rapid Wien i Austerrike då dei feira sølvet.

Austria Soccer Europa League

SPELTE MOT RAPID WIEN: Den 10. desember spelte Molde (raude) mot Rapid Wien (grøne) i Wien. Den 19. desember feira laga sølvet. Spelarane mangla éin dag igjen av karantenen.

Foto: Ronald Zak / AP

Klubben tar rekninga

Det er fotballklubben sjølv som må ta rekninga for festen.

– Vi har vurdert det slik at når det var klubben sjølv som sto for arrangementet, så er det dei som skal straffast, seier Skorpen-Trøen.

Det var spelarane sjølv som varsla leiinga i klubben om brotet på karantenereglane. Klubben tok då kontakt med kommuneoverlege og politi. Administrerande direktør i MFK, Ole Erik Stavrum, seier til NRK at dei beklagar det som blei gjort.

– Vi tar på oss fullt ansvar for at det blei brot på smittevernlova. Vi skulle gjort alt annleis. Men når dette først skjedde, er vi vårt ansvar bevisst, og godtar førelegget, seier han.

Eliteserien fotball 2020 : Molde - Sarpsborg 08 (5-0)

FYRVERKERI: Molde vann sølvet. Det ønskte dei å feire.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Mangla to dagar igjen – fekk 20.000 kroner i bot

I byrjinga av desember fekk Noregs nye landslagssjef, Ståle Solbakken, ei bot på 20.000 kroner for å ha brote karantenereglane.

Solbakken såg HamKam spele mot Lillestrøm på Briskeby, åtte dagar etter framkomst Noreg.

Han vart derfor etterforska og vedgjekk ei bot på 20.000 kroner.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 27.02.2021
1 940
Smittede/uke
95
Innlagte
622
Døde
318 722
Vaksinerte