Molde får tre spelarar i landslagstroppen

Per Mathias Høgmo fortalde i ein pressekonferanse måndag at tre Molde-spelarar blir tatt ut til landslaget.

Linnes forren og håskjold

Linnes, Forren og Håskjold Nyland frå MFK blei tatt ut til landslagstroppen.

Foto: NTB scanpix

Per-Mathias Høgmo

Per-Mathias Høgmo la måndag fram 18 namn som skal vere med i kampane mot England og Italia.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

Onsdag 27. august skal Noreg spele landskamp mot De forente arabiske emirater i Stavanger, men allereie i dag tok landslagssjef Per Mathias Høgmo ut troppen til kampane mot England og Italia.

Midtstopparen Vegard Forren, høgreback Martin Linnes og keeperen Ørjan Håskjold Nyland skal på bana under kampane mot England og Italia.

Høgmo fortalde at dei tok ut 18 spelarar i dag – men fem eller seks fleire vil bli tatt ut seinare i veka.

3. september skal Noreg spele treningskamp mot England på Wembley i London, og 9. september startar alvoret. Da møter Norge Italia i den første kvalifiseringskampen til fotball-EM.

I kampen mot De forente arabiske emirater 27. august har Molde FK heile sju spelarar i landslagstroppen. Det uttaket blei gjort i for ei veke sidan.

Her er troppen mot England og Italia:

André Hansen, Odd

Rune Almenning Jarstein, Hertha Berlin

Ørjan Håskjold Nyland, Molde

Mats Møller Dæhli, Cardiff

Omar Elabdellaoui, Olympiacos

Tarik Elyounoussi, Hoffenheim

Vegard Forren, Molde

Tom Høgli, FC København

Ruben Yttergård Jenssen, Kaiserslautern

Stefan Johansen, Celtic

Joshua King, Blackburn

Anders Konradsen, Rennes

Martin Linnes, Molde

Håvard Nielsen, Eintracht Braunschweig

Håvard Nordtveit, Borussia Mönchengladbach

Per Ciljan Skjelbred, Hamburg

Tore Reginiussen, Rosenborg

Alexander Tettey, Norwich