Hopp til innhold

Ordføraren er glad for at Molde får lang bytunnel

Den omstridde korte bytunnelen i Molde vert sløyfa. I staden skal det kome ein lang E39 tunnel.

Torgeir Dahl

Torgeir Dahl meiner at det er ei god nyhende for innbyggjarane i Molde at det vil kome ein lang E39 tunnel som staten betalar minst halvparten av.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var i eit møte mellom moldeordføraren Torgeir Dahl (H) og Samferdsledepartementet det vart kjent at den korte bytunnelen blir tatt ut av den planlagde bypakken. Det skriv Romsdals Budstikke.I staden skal det planleggast ein lang tunnel på E39 inn frå vest.

– Vi avlaster bymiljøet på ein betre måte. Mange har vore bekymra for å få mykje trafikk inn i gode bumiljø, seier Torgeir Dahl til NRK.

Den lange tunnelen skal løyse trafikkproblema forbi bykjerna.

LES MEIR:

Staten betaler meir

I dag skal ordføraren orientere kommunestyret i Molde om utviklinga i saka. At den korte bytunnelen blir droppa, betyr at kostnaden med bypakken blir halvert til 1,2 milliarder kroner. Grunnen til dette er at den lange tunnelen vert eit eige prosjekt med eiga finansiering. Truleg betaler staten minst halvparten fordi dette er ein riksveg.

– Det er ei god nyhende for alle innbyggjarane i Molde, seier Dahl.

Veit ikkje kvar tunnelen startar

Dahl seier at dei framleis ikkje veit kvar tunnelen skal starte, men det som er avklart er at tunnelen skal starte lengre vest enn Reknes.

– Dette skal vi jobbe med i kommunedelplanen som vi er i gong med, seier Dahl. Også Statens vegvesen set i gong arbeidet med planlegginga av tunnelen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL