Hopp til innhold

Tiggarar har invadert jazzen

Molde har opna for festival, og mange har tatt turen til rosenes by. Omtrent 100 tiggarar har invadert moldejazzen, og politiet rår folk til å ikkje gje pengar.

Tiggarar i Molde - moldejazz

Ifølgje politiet er det mellom 50 og 100 tiggarar i Molde i jazzveka.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Det er tiggarar over alt i jazzbyen Molde. Gatene er fulle av festivaldeltakarar og turistar, men likevel er tiggarane svært synlege i bybiletet. Nokre sel aviser, medan andre berre vil ha pengar.

Sondre mittet - moldejazz - tiggarar

– Det er ikkje så veldig flott, seier Sondre Mittet.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Tiggarar moldejazz

Til og med på uterestaurantane driv dei med tigging.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Steinar hjellnes ordensavdeling molde politistasjon

– Det var ei auke i fjor, men i år trur eg at auka er endå større, fortel Steinar Hjellnes ved Molde politistasjon.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er ikkje så veldig flott, det er rett og slett litt skjemmande. Det er ein stemningsdempar, seier festivaldeltakar, Sondre Mittet.

LES OGSÅ:

Tiggar ved uteserveringa

Til og med på uterestaurantane driv dei med tigging. Ifølgje politiet er det mellom 50 og 100 tiggarar i Molde. Dei fleste frå Romania og Bulgaria, og fleire kan det bli når helga nærmar seg.

– Det var ei auke i fjor, men i år trur eg at auka er endå større. Vi har ikkje hatt så mange klagar og meldingar, men vi har teke imot enkelte klagar på at tiggarane tek seg til rette og brukar sanitæranlegga rundt om kring, seier Steinar Hjellnes, leiar ved ordensavdelinga ved Molde politistasjon.

LES OGSÅ:

– Ikkje gi pengar

Hjellnes rår folk til å ikkje gje tiggarane pengar. Han seier at dei vil aldri bli kvitt dette problemet viss vi gir. Men politiet vil ikkje gripe inn mot tiggarane så lenge dei ikkje gjer noko kriminelt. Men ordensvakta forstår at festivalpublikummet reagerer på omfanget av tigginga denne festivalsommaren.

– Det er heilt sikkert mange som reagerer, og blir litt hissige mot dei. Men det er unødvendig. Ein må heller ringe oss viss ein opplever å bli plaga av dei, fortel leiaren ved ordensavdelinga i Molde.

LES OGSÅ:

Aggressive tiggarar

Atle tangen tiggarar moldejazz

Atle Tangen har opplevd at tiggarane har ropt etter han på gata.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Festivaldeltakaren, Atle Tangen, har opplevd at tiggarane har vore aggressive mot han.

– Det har hendt seg at dei har ropt etter meg, og det syns eg ikkje noko om. Givargleda vert i alle fall ikkje så veldig stor, seier Tangen.