NRK Meny
Normal

Molde Elite vann den viktige kampen søndag kveld

På førehand kviskra trenaren i løynd at kampen var årets viktigaste, men ba jentene ha det moro på banen. Det kan ha vore medisinen som skulle til.

Anniken Obaidli
Foto: Yngve Hustad Reite

For søndag ettermiddag var sigeren for Molde Elite eit faktum. Frå før låg moldelaget nedst på tabellen i eliteserien, og trenaren meinte difor at kampen var svært viktig.

– Den første sigeren smakar godt. Eg er svært letta, og vi var mykje betre i dag, sjølv om vi hadde ein dårleg periode midt i andre omgang, seier Dusan Poloz søndag kveld.

Auka forspranget i andre omgang

Allereie i første omgang var overtaket mot Skrim Kongsberg sikra, med stillinga 12-11. I andre omgang auka forspranget ytterlegare, og kampen endte 29-21.

Vi jobba hardt for måla. Vi visste alle att dette var årets kamp, vi har også lagt press på oss, det tok litt tid før vi rista det av oss. Ingen tvil om at andre omgang var svært mykje betre enn den første, seier moldetrenaren.

Kampens beste spelar

Petra Blazek

Keeper Petra Blazek (i gul trøye) blei kåra til Moldes beste spelar søndag ettermiddag.

Foto: Yngve Hustad Reite

Keeper Petra Blazek blei søndag ettermiddag kåra til kampens beste spelar.

– Det var svært viktig for oss å vinne no, eg håper det held fram, seier ho og legg til:

Vi hadde eit fantastisk publikum. Det gir oss mykje å høyre positive og motiverande ting frå tribunen, seier Blazek.

Sjølv får keeperen ros frå trenaren.

Ho var banens beste. Det er ingen tvil om at vi treng ei slik trygging bak, og dei redningane hennar kom på svært viktige tidspunkt, seier han.

På to år har Molde Elite klatra frå 2. divisjon og opp i eliteserien. Så langt i sesongen har laget ikkje sikra seg meir enn eitt poeng, og difor var den nest siste kampen før jul ekstra viktig.

350 frammmøtte

Andrea Berg Haukebø i aksjon

Andrea Berg Haukebø i aksjon. Ho signerte til slutt to mål.

Foto: Yngve Hustad Reite

Det var 350 frammøtte under kampen i Molde søndag kveld. Totalt åtte av spelarane scora mål, June Andenæs, Anniken og Mona Obaidli seks mål kvar.

- Det kjennest heilt fantastisk, eg er veldig stolt over jentene. Eg syns vi gjorde det svært bra, trass i nokre slurvefeil. Vi hadde ei skikkeleg avslutning, seier Andrea Berg Haukebø.