Hopp til innhold

Molde-dansarar gler seg til EM

Når europameisterskapet i hiphop-dans startar i Italia torsdag, står 13 av Molde-dansarane i Noise danseklubb klare på scena. Dei utgjer over halvparten av talet på utøvarane frå Norge.

Når europameisterskapet i hiphop-dans startar i Italia torsdag, står 13 av Molde-dansarane i Noise danseklubb klare på scena. Dei utgjer over halvparten av talet på utøvarane frå Norge.

13 av dei 25 utøvarane som representerer Noreg i europameisterskapet i hiphop-dans er frå Molde.

– Det krev veldig mykje jobb, og det er mange treningar med usemje, tårer og slit. Men vi kjem oss gjennom, det er mykje artig, seier Tommy Rykhus Johansen (14).

Tommy Rykhus Johansen

Tommy Rykhus Johansen fortel om mykje hardt arbeid inn mot EM i Italia.

Det unge dansetalentet er éin av 13 Molde-dansarar som reiser til kystbyen Rimini Italia. Der er det EM frå 10. juli, og Molde er representerte med meir enn halvparten av dei 25 deltakarane.

Det er danseklubben Noise, som trinn for trinn har nærma seg noregstoppen, som leiar delegasjonen i hiphop-EM. Det krev mykje, meiner Rykhus Johansen.

– Det er mange timar hard jobbing, og så må ein villig til å gjere det. Ein kan ikkje berre trene for å trene, ein må gå inn for det, meiner 14-åringen.

– Ser fram til å lære

Merittlista til dei unge dansarane er allereie lang. Dei har toppa den norske rankinglista, tatt gull i NM og bidrege i LidoLido sin siste musikkvideo.

No i Italia skal Molde-dansarane delta i både grupper, duo og solo.

Malene Johansen Lindseth

Malene Johansen Lindseth håper på avansement i EM.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det eg ser mest fram til er nok å lære. Eg kjem til å lære mykje, trur Rykus Johansen – som skal delta solo.

Han gler seg òg til å bli kjent med eit internasjonalt dansemiljø.

Håper på avansement

14 år gamle Malene Johansen Lindseth skal delta i ein duo, og gler seg stort.

– Eigentleg har eg ingen forventningar fordi det er så høgt nivå, men eg vil jo kome vidare forbi første runde i alle fall, seier ho til NRK.

Éi av mødrene som skal med på turen, Sidsel Rykhus, har store forventningar til opphaldet.

– Det blir bra. Korleis resultatet blir får vi sjå, men vi håper sjølvsagt dei går vidare, seier Rykhus.