Hopp til innhold

Molde bystyre har vedtatt bypakken

Molde bystyre har vedtok torsdag bypakken som innstilling. Prislappen er på 2,4 milliardar kroner.

Bystyre i Molde

Ordførar Torgeir Dahl er svært nøgd med at ein no kan kome i gang med arbeidet med bypakken.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Molde bystyre har vedtatt bypakken som gir klarsignal til bruk av bompengar for å betre trafikkavviklinga, styrke kollektivtilbodet og auke trafikktryggleiken i byen.

Prislappen er på 2,4 milliardar kroner, ifølge ordførar i Molde Torgeir Dahl. Han er svært nøgd med at ein no kan kome i gang med arbeidet.

– No kan vi vere med Ålesund og Kristiansund vidare i løpet.

Bypakken er eit spleiselag der brukarane må betale 60 prosent av kostnadene ved bompengar. Staten betaler 30 prosent, medan fylkeskommunen og Molde kommune betaler 5 prosent kvar.

Ordførar Torgeir Dahl seier bompengar ikkje var til å kome utanom for det hastar å kome i gang med tiltaka:.

– Eg trur dei aller fleste ser at det er helt nødvendig for å betre miljø og sikkerheit. Bompengar er einaste løysinga, seier han.

Forslag om utsetting

Det første ein skal ta fatt på er innfartsvegen til byen frå aust, Fannestrandsvegen, som i dag er E39. Planen er å kome i gang i 2017.

Det kjem til å ta 15 år å bygge ut heile prosjektet – og bomperioden blir 15 år.

Bypakken blei vedtatt nesten som innstillinga, men det var eit tillegg om at ein vurdert ein bytunnel som går lenger innover enn til Felleskjøpet.

Det har komen fleire reaksjonar på planane om å legge kyststamvegen gjennom Molde.

Ann Elida Solheim frå Frp hadde eit forslag om utsetting.

– Vi må vente å sjå kvar E 39 og Møreaksen vil kome gjennom Molde, seier ho.