Angripar Jo Inge Berget tidvis herja med vertsnasjon Israel, i 2-2-kampen onsdag.
Eit stort skår i gleda var derimot smellen Molde-spelaren fekk i hovudet. Han er no usikker før kampen laurdagskampen mot England – som tapte fortent 1–0 mot Italia onsdag.
– Sidan det ikkje er snakk om hjerneristing, håper eg å kunne spele mot England. Det handlar litt om korleis eg føler meg. Eg er ikkje klar torsdag eller fredag, men vi får håpe, seier Berget til NTB.
Det var 15 minutt før slutt at 22-åringen frå Hadeland blei skadd.
– Eg er litt usikker, men eg trur Marcus (journ. anm. Pedersen) telte 8–9 sting. Så det er litt størrelse på det, slår Berget fast.
Hovudet opna seg
Torsdag slappa U21-landslaget av på stranda i Tel Aviv. Medan andre bada og herja rundt, måtte Berget ta det med ro. Caps var naudsynt for å stenge sola ute frå såret.
– Eg gjekk opp og skulle stusse ein ball vidare. Plutseleg kom det nokon andre bakfrå, og det blei ein skikkeleg smell.
– Det opna seg litt i hovudet, og eg fekk eit solid kutt i skallen. Det blei ein del blod, forklarer Berget om situasjonen som enda i sjukehusbesøk.
Då kuttet blei sydd igjen fann ein ut at det ikkje var meir alvorleg enn – akkurat – eit kutt.
– Ikkje noko hjerneristing eller andre ting. Det var berre eit kutt som blei sydd.
– Var veldig groggy
Etter trøkken på Netanya stadion var Berget såg Berget heller slapp ut. Allereie i går kveld følte han seg derimot betre.
– Eg var veldig groggy då det skjedde, og hadde fått meg ein god trøkk. Eg blei litt sett ut av alt blodet og følte meg ikkje heilt i hundre, men litt må vi tole, seier den tidlegare Lyn- og Strømsgodset-spelaren.
Landslagssjef for U21-gutta, Tor Ole Skullerud, tek det ikkje for gitt at Berget rekk stormøtet med England.
– Det er ganske mykje betre enn vi frykta. Det er ikkje snakk om hjerneristing, men eit kutt. Akkurat no er det litt for tidleg å seie om han spelar, men han er offensiv sjølv i det minste, seier Skullerud.
(NRK/NTB)