Hopp til innhold

Molde-back utestengt i fire kampar

Molde-spelar Knut Olav Rindarøy blir straffa hardt etter det raude kortet mot Fenerbahçe i november og blir utestengt i fire Europaliga-kampar.

Knut Olav Rindarøy 261115

Moldespelar Knut Olav Rindarøy blir utestengt i fire Europaliga-kampar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det melder rbnett.no.

Det var på overtid under Europaliga-kampen mot Fenerbahçe i slutten av november at Rindarøy vart tøft takla av Fenerbahçe-spelar Alper Potuk ute på venstrekanten. Molde-backen stemplar så den liggande motspelaren i brystet då han skal springe tilbake igjen.

Rindarøy la seg langflat etter kampen.

– Det er rett og slett idioti av meg, eg skal ikkje stå her og seie noko anna. Eg blir takla og så blir det litt fram og tilbake og så legg eg att ein fot, sa ein angrande Rindarøy til NRK etter kampen.

Irritert på seg sjølv

Molde-spelaren vedgjekk at var irritert på seg sjølv etter det raude kortet, og i november håpte han at det ville koste han færrast moglege kampar.

– Det er heilt forferdeleg. Eg håpar eg må stå over færrast mogleg kampar, men skal eg vere realistisk så håpar eg på to, men det kan bli tre, sa Rindarøy til NRK.

Og i dag kom altså dommen.

Til rbnett seier Rindarøy at han synest dommen er urettferdig og hadde håpa på to kampar. Han ville i utgangspunktet anke straffa, men etter samtalar med fleire i klubben har backen no bestemt seg for å la vere.

– Vi har diskutert og kome fram til at det neppe har noko hensikt. I rapporten står det at eg tråkka på motspelaren og at det sparket samanliknast med eit slag. Då er det ikkje vits å gå vidare med saka, seier Moldespelaren til avisa.