Kapellanen nekta Hamar-biskopen å preike i kyrkja den 17. oktober på grunn av synet hennar på homofile.
Eige initiativ
Kapellan Michal Møgster vel å trekkje seg fordi saka har skapt for mykje støy i kyrkjelyden og i Hareid. Møgster strekar under at han har kome fram til avgjerda på eige initiativ.
– Eg synest dette har hatt dimensjonar som eg ikkje har trudd var mogleg, seier Møgster.
– God løysing
Evy Kvamsdal (Foto: NRK)
Prost Evy Kvamsdal seier verken ho eller biskop Odd Bondevik har pressa Møgster til å trekkje seg frå gudstenesta. Kvamsdal trur no dei har kome fram til ei god løysing som alle kan leve med.
– Vi har funne fram til ei løysing som ivaretek begge sin integritet, det vil seie både Rosemarie Köhn og Michal Møgster, seier Kvamsdal.
Også biskop Odd Bondevik er tilfreds med løysinga.
Köhn slepp til likevel
Hareid kyrkje (Foto: NRK)
Dette betyr at prost Evy Kvamsdal tek over gudstenesta og ho gjer det klart at Hamar-biskop Rosemarie Köhn får sleppe til likevel. Dei to vil dele gudstenesta mellom seg. Det vil seie at Kvamsdal sjølv held preika medan Köhn forrettar resten.
– Det må eg i så fall sjølvsagt finne meg i og akseptere, for det er ikkje eg som då har ansvaret for den gudstenesta og gjennomføringa av den. Det er det mine kyrkjelege overordna som har, seier kapellan Michal Møgster.
Rosemarie Köhn (Foto: NRK)
– Merkeleg løysing
Rosemarie Köhn sjølv seier no at ho likevel vil delta i Hareid kyrkje 17. oktober, sjølv om ho synest løysinga er litt merkeleg. Dermed er det duka for ei gudsteneste med både ein kvinneleg prost og ein kvinneleg biskop i Hareid kyrkje.