Mogleg med hydrogendriven hurtigbåt

Det er fullt mogleg å basere hurtigbåtsambandet mellom Kristiansund og Trondheim på nullutslepps-drivstoffet hydrogen. Det konkluderer ein fersk rapport frå SINTEF, skriv nettstaden Gemini. Ifølgje studien er det både teknisk, økonomisk og praktisk mogleg med hydrogendrift på denne ruta.