NRK Meny
Normal

Moderne skredovervaking blir meir viktig

Moderne overvaking som bruk av radar, fotografering og ulike sensorar kan bli enda viktigare for å varsle om skred, ras og flaum i framtida.

Mannen

Overvakinga av Mannen i Rauma gir viktig informasjon om framtidige situasjonar. Nye metodar for skredovervaking, varsling og sikring av skred og flaum vil bli meir viktig i framtida.

Foto: Terje Reite / NRK

Måndag var det konferanse i Oslo om rassikring i regi av Nasjonal rassikringsgruppe. Klimaendringane vil føre til eit større behov for både sikring og varsling, og i dag blei framtidas behov for sikring mot ras og flaum diskutert.

Vestlandet har i løpet av nokre få år vore ramma av fleire tilfelle av ekstremvêr. Dagmar, Hilde, og nyleg 200-årsflaumen er døme på dette. Helge Eidsnes i Statens vegvesen meiner det er nødvendig med betre sikring for å tole vêret i framtida.

– Vi får stadig oftare ekstremvêr, og det får konsekvensar både for vegar og for infrastruktur. Det betyr at vegane må sikrast betre i tillegg til at vegstandarden på framtida si vegbygging må bli høgare, seier Eidsnes.

Meir ekstremvêr i framtida

Meteorologisk institutt si vêrmelding for 2050 fekk overveldande respons då den blei publisert sist veke. Der blei det sagt at vi kan vente oss høge temperaturar, kraftigare nedbør og meir ekstremvêr i framtida.

Odd Are Jensen, geolog i NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat), trur framtida kan by på større nedbørsmengder i løpet av året, men også ein meir intensiv nedbør. Han meiner vêret vil føre til eit større behov for sikring av bustader og vegar.

– Mykje nedbør på kort tid vil føre til meir ekstreme situasjonar slik som vi har sett døme på dei siste åra. Vi har sett mange skred som følgje av vêrsituasjonar, og det vil nok auke også i framtida, seier Jensen.

Ny teknologi

Vegdirektoratet tek no i bruk nye metodar for skredsikring og varsling. Av desse er overvaking og kunstig utløysing av snøskred noko som dei planlegg å få i gang snarleg. Teknologien som slo skredalarm på Mannen i Romsdalen vil også bli brukt som skredsikring langs norske vegar.

Tore Humstad

Humstad trur overvakinga av fjellet Mannen gjer at fleire får opp auga for moglegheitene som finst.

Foto: Kari Stokke Nilsen / nrk

Tore Humstad, senioringeniør i Vegdirektoratet trur ny teknologi med betre og tettare overvaking av farlege område kan brukast i tillegg til kostbar tradisjonell rassikring.

På konferansen fortalde han om sensorar som kan fange opp bevegelsar i bakken.

– Eg tenker at desse verktøya kan vere eit godt supplement, og i nokre tilfelle vil det også kunne erstatte dagens rassikring. For sjølv om du har sikra eit området, treng du informasjon om når ting skjer, seier Humstad.

Han håpar den nye teknologien vil kunne nyttast til å varsle betre i framtida. Han trekkjer fram blant anna flaumen i haust og overvakinga av Mannen i Rauma som eksempel på situasjonar der desse verktøya kan nyttast. Humstad trur overvakinga av fjellet Mannen gjer at fleire får opp auga for moglegheitene som finst.

– I tillegg er det ein god test for alle som er involvert i beredskap slik at dei får øvd seg på korleis dei skal jobbe saman på best mogleg måte, seier Humstad.