Hopp til innhold

Moderate skadar etter angrep

Dei to kvinnene som skal ha vorte angripne av ein mann i 20-åra i Ålesund sentrum i ettermiddag, har fått moderate skadar.

Politibil

Politi og ambulanse rykte ut for å hjelpe dei to kvinnene som blei skadde i valdsepisoden i ettermiddag.

Foto: Sondre Dalaker

Kvinnene i 30- og 40-åra har fått slagskadar mot andlet og hovud, og er no undersøkte av legevakta. Skadane er ikkje så alvorlege at dei måtte leggast inn ved sjukehuset, melder politiet.

– Mannen som skal ha angripe dei to, sit no i varetekt. Forhøyra av han vil halde fram i morgon, opplyser operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Angrepet på dei to skjedde inne i ein bygård der begge partar bur.

Ifølgje politiet er ingen av dei i slekt.

Til legevakta

Det var i 17-tida i ettermiddag at mannen skal ha gått til angrep på dei to kvinnene.

– Begge blei send i ambulanse til legevakta fordi dei var påført tydlege skadar og blødde, sa Harang til NRK tidlegare i ettermiddag.

Ole Bjørn Harang

Operasjonsleiar hos politiet, Ole Bjørn Harang seier avhøyra av mannen som truleg slo dei to kvinnene, held fram i morgon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet sikta mannen for valdsutøvinga, og sende også han til lege for nærare undersøkingar.

Det er mistenkte om rus, og politiet etterforskar no saka vidare.