NRK Meny
Normal

Bustadbyggjelaget seier ja til OBOS

Dei tre største bustadbyggjelaga i fylket kan bli slått saman med landets største. I dag sa MOBO ja til forhandlingar med OBOS.

OBOS

MOBO JA TIL OBOS: Møre og Romsdal Bustadbyggjelag (MOBO) i Molde seier ja til å forhandle med OBOS om ei samanslåing.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Vi, ÅBO i Ålesund og KBBL i Kristiansund er relativt små bustadbyggjelag. I tillegg har det vorte meir krevjande, blant anna i forhold til kapital, å byggje bustader. Det er noko av bakgrunnen til at vi no har sagt ja til å forhandle med OBOS, seier MOBO direktør Rolf Eidsæter.

Møre og Romsdal Bustadbyggjelag (MOBO) i Molde, var i dag den fyrste av tre bustadbyggelag i fylket som seier ja til å forhandle med OBOS, det største bustadbyggelaget i Noreg.

Samrøystes ja

Saka blei diskutert på generalforsamlinga til MOBO i går. Der sa forsamlinga samrøystes ja til å innleie forhandlingar med OBOS. MOBO er størst i fylket med over 8000 medlem ÅBO rundt 6000 medan KBBL har 4300 medlem.

Rolf Eidsæter

POSITIV: MOBO direktør Rolf Eidsæter er positiv til ei samanslåing med OBOS, og trur medlemmene vil nytte godt av ei slik fusjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ålesund Bustadbyggjelag (ÅBO) og Kristiansund Bustadbyggjelag (KBBL) skal diskutere forslaget på sine generalforsamlingar i juni. Men sannsynet er stort for at også dei kjem til å stemme ja til forhandlingar.

Eit godt alternativ

MOBOdirektør Rolf Eidsæter seier dei ikkje må fusjonere, men er overtydd om at det er det beste alternativet. Ifølgje han må dei tenke framover, og ta val som gir handlekraft i forhold til å innfri målsetjingane som dei har for medlemen sine.

– Vi opplever auka konkurranse innanfor alle områda vi operer på. Vi har sterk konkurranse innanfor eigedomsmekling og innanfor bustadbygging. I tillegg får vi auka konkurranse frå den tekniske tenesta., seier Eidsæter.

Han trur fusjonen med OBOS vil vere positivt for medlemmene.

– Vi trur våre medlem får fleire fordelar ved å bli ein del av OBOS. Blant anna får dei utvida forkjøpsrett, og får i tillegg forkjøpsrett på alle leilegheiter innanfor OBOS.

Han fryktar ikkje for den lokale forankringa, og trur dei vil få større fridom dersom dei blir ein del av OBOS.

– Dei siste åra har vi blitt hemma i å delta i prosjekt på grunn av dei høge krava til eigenkapital. No vil vi kunne få større moglegheiter, seier Eidsæter.

– Det blir opning for lokale prosjekt. Då blir det opp til oss å kome med dei gode lokale ideane, held han fram

Individuell forhandling

Til no har dei tre bustadbyggjelaga stått saman. I forhandlingane vil dei derimot stå kvar for seg.

– Vi har gjort forarbeidet saman, og vurdert alternativa saman. Men det vil vere ei sjølvstendig avgjerd i kvart av bustadbyggjelaga om ein vil gå vidare eller ikkje, seier Eidsæter.

– OBOS har signalisert at dei vil snakke med oss kvar for oss, men det vil vere naturleg at vi tre snakkar saman og gir kvarandre råd langs med, held han fram.

Likevel trur han dei vil ha nære band, også under forhandlingane med OBOS.

–Vi har marknadsført Møre og Romsdal saman, så det vil vere ein styrke at vi står samla i forhandlingane, seier Eidsæter.