Hopp til innhold

Mobiliserer framfor viktig kyrkjeval

No i januar går fristen ut for å nominere kandidatar til det første kyrkjevalet etter at stat og kyrkje skilde lag. Organisasjonen Åpen folkekyrkje mobiliserer no for å kunne påverke valet i kyrkja.

Langevåg kyrkje

15. januar går fristen ut for å nominere kandidatar til årets kyrkjeval.

Foto: IDA LOUISE MÅSEIDVÅG REITE

Sindre Stabell Kulø

Sindre Stabell Kulø trur kyrkjevalet i år blir eit viktig vegval for kyrkja.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

– Vi ser at kyrkjevalet 2015 blir eit veldig avgjerande val for korleis kyrkja skal vere i framtida, og vi ønskjer å stille ei liste med kandidatar som har ein tydeleg profil.

Det seier Sindre Stabell Kulø. Han er prest i Bud og Sandøy og aktiv i organisasjonen Åpen folkekyrkje. Organisasjonen arbeider mellom anna for at likekjønna par skal få gifte seg i kyrkja.

– Kva trur du vil bli den viktigaste saka for bispedømmerådet i tida som kjem?

– Eg trur spørsmålet om likekjønna ekteskap vil vere viktig i den neste perioden, i tillegg til rekruttering til stillingar i kyrkja, seier Stabell Kulø.

Skal velje representantar til kyrkjemøtet

Rolf Myhre, leiar i valgrådet i Møre bispedømme

Rolf Myhre er leiar i valrådet i Møre bispedømme.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den norske kyrkja er i stor forandring etter at kyrkja blei skilt frå staten i 2012. Dermed får dei som blir valgde til sokneråd og bispedømmeråd stor innverknad, meiner leiar i valrådet i Møre bispedømme, Rolf Myhre.

– Ja, det er klart. Bispedømmerådet legg opp aktiviteten for den kyrkjelege aktiviteten i fylket og tilset prestar. Og dei blir representantar til kyrkjemøtet, der fleire av dei sentrale spørsmåla i kyrkja skal behandlast.

Han trur både innhaldet i gudstenestene og kyrkja sitt engasjement i samfunnsspørsmål blir viktig dei neste åra.

– Ja, dette blir viktig, i tillegg veit vi at den kyrkjelege liturgien for vigsle av likekjønna blir eit stort spørsmål, seier Myhre.

Val for alle medlemmar

Alle medlemmar av den norske kyrkja kan stemme ved valet, så sant dei er over 15 år eller fyller 15 år i løpet av det året valet blir halde. Det vil seie at meir enn 3 millionar nordmenn kan vere med å gi si stemme.

Valet består av to val. Det skal både veljast representantar til dei 1258 sokneråda i landet, i tillegg til dek 11 bispedømmeråda som til saman utgjer kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet blir kalla kyrkja sitt Storting, og tar mellom anna avgjerder i viktige lærespørsmål.

Sjølve valet blir halde 13. og 14. september, men fristen for å nominere kandidatar til valet går ut 15. januar.

Ønskjer folk med ulike meiningar

– Bispedømmerådet og også kyrkjemøtet skal spegle medlemmar av kyrkja, og der veit vi at det er ulike oppfattingar, seier Myhre.

Han seier dei difor ønskjer velkomen kandidatar som representerer ulike syn i kyrkja sine sentrale spørsmål.

Vi vil gjerne at kyrkja sitt læregrunnlag skal bevarast, men samfunnsspørsmål engasjerer også i kyrkja. Så kyrkja er nok uansett i endring. Og skiljet frå staten pregar nok også dette.