Nye ras
I går gjekk det på nytt eit ras på riksveg 63 som stengde vegen til turistbygda Geiranger. I tillegg blei riksveg 60 mellom Stranda og Hellesylt stengt på grunn av fare for ras. Det er mange som kjempar om raspengar, men Sve meiner Geiranger er i ei særstiling.
Krev permanent løysing
Frank Sve
– Det er ikkje mange stader i Noreg der bygder blir totalisolert, og slett ikkje så alvorleg som Geiranger. Det går på tryggleiken laus, seier Sve som krev ei permanent løysing i form av rassikring.
Vil ha meir pengar
Riksveg 60 har fått pengar til rassikring og ligg like etter Jordalsgrend på prioriteringslista. Men Sve vil ha meir enn det. Han vil ha meir pengar frå politikarane.
Strandaordføraren trur regjeringa ser problemet og seier han har god tru på at han får meir pengar i revidert nasjonalbudsjett og i budsjetta seinare.