Blindheim først
Brakkene skal først nyttast på Blindheim, i påvente av ein ny barneskule.
Geir Stenseth i Framstegspartiet meiner dette er ei framsynt løysing.
Blindheim skal få ny barneskule til 95 millionar kroner, men i påvente av denne, har politikarane no vedtatt å kjøpe eller leige såkalla modular til vel 12 millionar kroner. Desse skal huse 250 elevar.
Spjelkavik om eitt år
Om eitt år kan brakkene flyttast til Spjelkavik, der ungdomsskulen er overfylt. Løysinga med å flytte klasserom i staden for elevar er god, meiner ordførar Arve Tonning.
Allereie måndag får oppvekstkomiteen i Ålesund på bordet ei sak om å tvangsflytte elevar ved Spjelkavik ungdomsskkole til ungdomsskulen på Blindheim.
Ungdomskulen i Spjelkavik er sprengt, og har ikkje plass til elevane som i dag soknar til denne skulen.